Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

No kan du på ein enkel måte melde inn feil til kommunen

Vi har no lansert eit nytt feilmeldingssystem der du enkelt kan melde inn feil til kommunen på blant anna kommunale vegar, vatn, avløp, park og grønt.

Du kan blant anna melde i frå til oss dersom du oppdagar:

  • dårleg frisiktsone
  • hol i kommunale vegar
  • manglande skilting
  • misfarging på drikkevatn/ dårleg lukt
  • bortfall av vatn
  • herværk på offentleg park
  • feil på leikeapparat/ fare for skade

Du kan lese meir om ordninga på heimesida til Kinn eller følgje denne lenka: Les meir om dette her.

Du kan no hente hurtigtestar på servicetorga i Florø og Måløy

Du kan no hente hurtigtestar på servicetorga i Florø og Måløy mellom kl. 09.00-15.00 mandag-fredag. Frå veke 5 kan du hente hurtigtestar på Allhuset i Eikefjord mellom kl. 16.00-18.00 på mandagar, onsdagar og fredagar.

Hurtigtestane blir delt ut i 5-pakningar, og det er maks 3 pakkar per person grunna avgrensa tilgang på hurtigtestar.

Er du nærkontakt, har symptom på korona eller har du mistanke om koronasmitte? Då er du anbefalt å ta ein hurtigtest.

Er du nærkontakt eller har testa positivt, og lurar på kva du må gjere vidare?
Sjå vårt karantenekompass for å få oppdaterte råd og reglar om kva du må gjere.
Karantenekompasset finn du på heimesida vår.

Nye tiltak ved modulskulen på Tennebø

I går møtte ordføraren og eg dei tilsette ved Skram skule, modulskulen på Tennebø. Dei flytta som kjend frå skulen i Måløy til mellombelse lokale på Tennebø, ved oppstart av skuleåret vi no er inne i. Etter eit halvt år med drift på modulskulen ser vi anlegget ikkje fungerer godt nok. Anlegget er heller ikkje stort nok til å huse dei fem trinna som er der i dag. (2. - 6. trinn).  Med grunnlag i dei tilbakemeldingane vi fekk i går, og ut frå det faktum at vi vil drive skulen på ein god og forsvarleg måte, vil eg kome med eit notat til førstkomande formannskapsmøte. Der vil eg tilrå at vi går til innkjøp av sju nye brakker. Då vil vi kunne få 7. trinn inn i anlegget, samstundes som vi får tilgang på fleire grupperom. Vi vil også få høve til å tilpasse undervisninga der vi har behov for det.

Eg tilrår ikkje dette for at den mellombelse perioden skal bli lengre. Eg gjer det for å gi elevane og dei tilsette betre kår i tida fram til ny skule står ferdig. Ordføraren orienterte om korleis prosjektutvalet no arbeider med å finne ei løysing for den nye skulen. Vi vil bruke 2022 til å finne løysingar som gjer til at vi kan få på plass ein ny skule til oppstart av arbeidet med økonomiplanen til hausten.

Eg vil sende notatet til formannskapet i løpet av søndag ettermiddag.

Ei god helg til dykk alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør