Har du oppdaga hol i vegen eller manglande skilting? Då kan du enkelt melde inn feil til kommunen! Lytt til tekstenStopp avspilling Du kan enkelt melde inn feil til kommunen på blant anna kommunale vegar, vatn, avløp, funn av daude dyr, park og grønt via heimesida vår. Meld inn feil til kommunen her Du kan blant anna melde i frå til oss dersom du oppdagar dårleg frisiktsone hol i kommunale vegar manglande skilting misfarging på drikkevatn/ dårleg lukt feil på gatelys bortfall av vatn herværk på offentleg park feil på leikeapparat/ fare for skade funn av daude dyr Korleis fungerer det? Under "meld feil" vel du den kategorien som passar til di feilmelding, Deretter markerer du i kartet kvar feilen er lokalisert. I neste steg forklarar du kort kva problemet er, og om du vil kan du laste opp eit bilde. Du må oppgi kontaktinfoen din, men denne vil ikkje vere tilgjengeleg for andre enn sakshandsamarane i kommunen. Er du ute og spaserer og ser noko gale? Då kan du melde inn feil med mobilen din! Hugs då og skru på "posisjon" på telefonen din, så får du opp nøyaktig kartposisjon. Når du har sendt inn saka di blir ein av våre sakshandsamarar varsla om dette. Om det er behov kan du bli kontakta av oss. Du kan også sjå innmeldte saker Om du er usikker på om feilen du har oppdaga allereie er meldt inn, eller er du nysgjerrig på andre innsendte saker finn du det i oversikta vår. Her kan du enkelt sjå i kartet kva for saker som er nye, under arbeid eller avslutta. Publisert 11.10.2022 09.42 Sist endra 05.01.2023 11.53