Arbeid med kvalitet, omstilling, demografi og budsjett

Møte i Finansutvalet måndag 18. august jobbar vidare med omstillingsprogrammet. 

 Vi jobbar med å endre ressursbruk og tenester for å tilpasse og klare dei demografiske utfordringar og eit ambisiøst investeringsprogram. Viktig undervegs å vurdere kvar vi står. Ny rapport viser bra utvikling på område kvalitet. 

I Finansutvalet 18. august skal vi drøfte korleis arbeide vidare med omstillingsarbeid. Kommunestyret har vedteke at vi skal oppnå ei økonomisk resultatforbetring  (160 mill. kr.) innan 2028. fullstendig sakliste og lenke til direktesending. Saka syner at vi har gjennomført tiltak for 49 mill. kr. i 2025, men vi må jobbe vidare med tiltak for kring 82 mill. kr. som treng ytterlegare for perioden 2026-2028. Mange av tiltak krev også vedtak,  m.a. er vi avhengig av sak om skulestruktur. Samla inndekking er naudsynt for å nå omstillingsmåla kommunestyret har sett og for å dekke inn omfattande investeringsprogrammet og handtere demografiske endringer.  Du kan lese om møte her: Møteplan - Kinn kommune

Ny rapport om kvalitet 

Kommuneindeksen samanliknar både kostnader, tenestekvalitet og finansar i norske kommunar. Kommunen har hatt god utvikling fra 2022 til 2024. Vi er mellom den beste 3 delen av kommunar når det gjeld kvalitet, men dårlege finansar trekk den samla rangering. Fra 2023 til 2024 klatra Kinn kommune 69 plassar på målinga som gjeld kvalitet. Rapporten viser at vi framleis treng å jobbe med alle indikatorane, kvalitet, finanser og kostnader. Kvalitet blir målt med indikatorar fra tenesteområda, som t.d. andel av tilsette med fag- eller høgskuleutdanning, læringsresultat,  sakshandsamingstider    Du kan lese meir om rapporten her (PDF, 5 MB)

 Innbyggjarundersøking, positiv utvikling

Den nyaste borgarundersøkinga syner at innbyggarane i Kinn jamt over har eit betre inntrykk av kommunen enn i tidlegare år. Samanlikna med undersøkingane frå 2023 og 2024 er fleire resultat forbetra, og fleire tenester har fått høgare skår.   Borgerundersøkelsen 2024

 God folketalsutvikling

Vi har lagt bak oss fleire år med god folketalsutvikling, særleg knytt til busettings- og integreringsarbeidet. Det er grunn til å tru at folketalsutviklinga flatar ut med utgangspunkt i m.a. færre busettingsoppgåver frå nasjonalt hald. Utan at vi kan spå, kan vi truleg vente endringar i asyl- og flyktningpolitikken i løpet av dei neste åra. Vi ser også fleire flyttingar og trenden er auka mobilitet i alle aldersgrupper, også for godt vaksne, som flytter, m.a. alt etter korleis arbeid- og familiestrukturen endrar seg.  Du kan lese meir om demografien vår her.

 Alle tilhøyrande dokument finn du i møteplan.

Finansutvalet si sakliste finn du her:

Direktesending