Eigarstrategi

Dette er den første eigarstrategien som vert utarbeidd for Kinn kommune. Eigarstrategien gjeld frå godkjenning hausten 2019, og den vil vere eit styringsverktøy som skal bidra til at kommunen har ein aktiv og systematisk politisk og administrativ oppfølging av eigarskapa.

Med eigarstrategien ønsker kommunen å vere ein tydeleg eigar ved mellom anna å kommunisere eigarkrav basert på nærare definerte færemål og mål med eigarskapet til kvart einskilde selskap. I tillegg skal eigarstrategien klargjere rolle- og ansvarsfordelinga mellom eigar, styre og dagleg leiing gjennom definerte prinsipp for god eigarstyring og leiing av selskapa.

Eigarstrategi for Kinn kommune (PDF, 587 kB)