Kva er ei delingssak?

Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit nytt gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen blir først registrert i det offentlege eigedomsregisteret, matrikkelen og så i grunnboka hos Kartverket (tinglysing). Du kan lese meir om dette her.

Deling eller endring av eigedom krev søknad og løyve (sjå § 26-1, jf. §§ 20-1, bokstav m og 20-4, bokstav d i plan- og bygningslova (pbl)). Kommunen er lokal matrikkelmynde og har ansvar for oppmåling og matrikkelføring, og å sørge for å sende dokumentasjon til Kartverket for tinglysing. Det er også kommunen som attesterer matrikkelbrevet.

Deling og oppmåling av ny eigedom er en todelt prosess hjå kommunen. Først må du søke deling etter plan- og bygningslova, og når du har fått løyve til dette kan du sende rekvisisjon til oppmåling etter matrikkellova. Du kan levere rekvisisjon samstundes med delingsøknaden eller etterpå.

Det er hovudsakleg gjeldande arealplan med føresegner, eventuelle retningslinjer i kommuneplanen om deling av tomter, samt pbl § 20-1 som avgjer om du kan få lov til å dele ei tomt. Om arealet er innanfor eit område avsett til landbruk vil det også vere behov for handsaming etter jordlova.

Matrikkellova (lov om eigedomsregistrering) setter krav til rekvisisjon og gjennomføring av oppmålingsforetninga.

Les dette først

Ein søknad om frådeling kan bli omfattande dersom tiltaket er i strid med gjeldande arealplan for området. Det må då søkast om dispensasjon frå planen eller endring av plan, før det kan bli gitt løyve til frådeling. Jf pbl. § 26-1.

Informasjon til publikum om søknad om deling og endring av eigedom