Løyve etter jordlova for landbrukseigedomar

Dersom du ønskjer å dele areal i frå landbrukseigedom, må du søkje kommunen om løyve til det (sjå jordlova § 12). Det same gjeld også for avtale om forpakting, tomtefeste, bortleige av delar eigedomen og bortleige av bruksrett når avtaleperioden er lengre enn 10 år eller avtale ikkje kan seiast opp av eigaren.

Slik vert søknaden handsama

Løyve vert gjeve dersom:

  • delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.
  • omsynet til vern av arealressursane vert teke i vare.
  • ho gjev ei driftsmessig god løysing.
  • ho ikkje fører til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området.

Omsyn til busetjing i området kan medføre at løyve vert gjeve sjølv om desse punkta ikkje vert oppfylt.

Du kan lese meir om omdisponering og deling etter jordlova i dette rundskrivet