Saman om ein god oppvekst

Alle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du ikkje har det trygt og godt, er det viktig at du fortel det til ein vaksen. 

Du kan ta kontakt med læraren din, helsesøster, dine føresette, vener, trenar eller andre du kjenner. På nettsida nullmobbing.no kan du lese meir om korleis du kan sei ifrå eller kven du kan snakke med.

Kva er mobbing?

Mobbing er handlingar frå vaksne eller barn/ungdom som krenkjer opplevinga til ein person av å høyre til og vere betydningsfull for fellesskapet.

Mobbing kan vere mange ulike ting. Nettsida Nullmobbing.no gjer gode eksempel på kva mobbing kan vere.