Vedtekter for barnehagane i Kinn

1 Vedtekter

§ 1

Kinn kommune eig og driv dei kommunale barnehagane i kommunen. Barnehagane vert drivne i samsvar med «Lov av 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar m.v.» og dei av Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet til ei kvar tid fastsette forskrifter, føresegner og retningsliner, kommunale vedtak og plan for den einskilde barnehagen.

§ 2

Det kommunale utval eller styre som kommunestyret til ei kvar tid har gjort vedtak om, har ansvar for forvaltning og tilsyn med dei kommunale barnehagane, og tilsyn med andre barnehagar i kommunen.

Ein representant i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU) frå barnehageeigar skal vere valt politisk.

§ 3

Kommunestyret avgjer til ei kvar tid satsane for foreldrebetaling i barnehage, i samsvar med Stortinget sin nasjonale fastsette maksimalsats og forskrift om foreldrebetaling i barnehage.

Kostpengar kjem i tillegg til opphaldsbetaling for barnehageplassen.

Foreldrebetaling og kostpengar vert fakturert for 11 månadar i året, og overskytande veker barnet er i barnehage. Juli er betalingsfri månad.

Ved sein eller manglande foreldrebetaling gjeld lov om renter ved forseinka betaling av 17.12.76 nr. 100 og endringslov til forseinkingsrentelova, samt inkassolova av 13.05.88 nr 26, tvangsfullbyrdelseslova av 26.02.92 og endringslov til tvangsfullbyrdelseslova mv. av 23.01.15, og tilsvarande forskrifter.

Sein eller manglande foreldrebetaling vert handsama etter slike retningsliner:

  • Ved 2 månader uteståande foreldrebetaling får tenesteleiar i barnehagen kopi av fakturapurring.
  • Foreldre vert invitert til samtale om uteståande beløp, og får rettleiing om måtar det uteståande beløpet kan betalast på (nedbetalingsplan, muligheit til å søkje om redusert betaling og liknande).

§ 4 

Opningstider vert fastsett av kommunestyret i samråd med SU i den einskilde barnehage.

Opningstida kvar dag har ei ytre ramme frå kl. 06.45 – 16.30, fastsett slik:

* Plasstilbod i %

Opphaldstid pr. veke

100

41 timar og meir (inntil 9,75 t kvar dag)

80

33 – 40 timar (4 dagar i veka)

60

25 – 32 timar (3 dagar i veka)

50

20 – 24 timar (annankvar dag/veke)

Reduserte tilbod vert organisert over heile dagar. Tilrettelegging og organisering av barnegruppene vert bestemt i kvar barnehage, ut frå omsynet til einskildbarnet og det heilskaplege tilbodet for barnegruppa.

Barnehagane har 5 samordna planleggingsdagar for personalet i løpet av barnehageåret. Då er barnehagane stengd for barna.

§ 5

Søknad om barnehageplass skal gjerast på elektronisk skjema som du finn i vårt søknadssenter.

Samordna opptak til nytt barnehageår vert kunngjort i lokalaviser, med søknadsfrist 15. februar same året. Nytt barnehageår starter ca. 15. august (likt med skulestart for elevane).

§ 6

Følgjande kriterier gjeld som grunnlag for prioritering ved opptak i kommunale barnehagar:

§6.1 Barn som har rett til prioritet ved opptak i samsvar med Lov om barnehagar § 18, prioritert etter alder.*

§6.2 Barn som har rett på barnehageplass i samsvar med Lov om barnehagar §16, prioritert etter alder.

§6.3 Barn som ikkje fyller nokon av kriteria over, prioritert etter alder.

*Dokumentasjon:

For opptak etter kriteriet 6.1 skal det føreligge skriftleg vurdering frå sakkunnig instans eller vedtak etter barnevernslova §5 -1 første ledd bokstav a til d, § 3-1 og § 3-4 første ledd bokstav b, har rett til prioritet ved opptak i barnehage.

Elles gjeld:

Barnefamiliar som er avhengig av båt for å komme seg til barnehage, samt barnefamiliar i distrikt utan eksisterande barnehagetilbod, skal få prioritet i val av barnehage.

Ved samordna inntak skal det leggjast til rette for at søsken så langt som råd, får plass i same barnehage.

§ 7

Kinn kommune har slike opptaksområde:

  • Vågsøya og kringliggjande øyar
  • Deknepollen - Almenning
  • Strekninga frå Brandsøy – Florelandet og kringliggjande øyar
  • Eikefjord – Steinhovden
  • Stavang (opptaksområdet til Stavangskule)
  • Solheim (opptaksområdet til Solheim skule)


Ved få barn innanfor eit opptaksområde, må nærliggjande opptaksområde sjåast under eitt. (Jf. § 14).

§ 8

Det skal vere eit hovudopptak før barnehageåret tek til.

Søkjarane som ikkje har rett til plass etter barnehagelova § 16, eller søkjer etter hovudopptaket, vert registerert på venteliste med prioritet etter kriteria nemnt i § 6.

Barnehageplassane vert tildelt administrativt av tenesteleiarane i kvar barnehage saman med barnehagefagleg rådgjevar etter gjeldande vedtekter (Jf. Møte- og delegeringsreglementet for Kinn kommune)

Tildeling av barnehageplassar vert gjort som einskildvedtak.

Hovudutval for oppvekst og kultur er klageinstans for klager på einskildvedtak som er gjort i samband med hovudinntaket (Jf. Møte- og delegeringsreglementet for Kinn kommune)

Ledige barnehageplassar som oppstår i løpet av barnehageåret vert tildelt barn på venteliste.

§ 9

Søkjar som får tildeltplass må elektronisk stadfeste at han/ho tek mot plassen. Dersom slikt svar ikkje er motteke innan fastsett frist, og det ikkje ligg føre sakleg grunn for å ha oversett fristen, kan søkjaren miste den tildelte plassen.

Tildelt barnehageplass gjeld til plassen vert sagt opp, eller barnet begynner på skule.

§ 10

Ein barnehageplass kan seiast opp med ein månads varsel. Oppseiingstida gjeld frå den 1. i påfølgjande månad etter at oppseiinga er motteken. Oppseiinga skal vere skriftleg (elektronisk oppseiing).

Etter 1. mars kan ein ikkje seie opp plassen for resten av barnehageåret utan særlege grunnar (fråflytting, langvarig sjukdom o.l.). Tvilstilfelle vert å avgjere av barnehagen sin styrar i samråd med barnehagefagleg rådgjevar.

§ 11

Den kommunale helsetenesta skal til ei kvar tid ha ein plan for helsetilsyn med barna i barnehagane.

§ 12

Netto leikeareal pr. barn er fastsett til;

4 – 5 m2 for barn over 3 år

5,3 – 6 m2 for barn under 3 år

2 m2 for barn 3-6 år i frilufts-gruppe

§ 13

Barn i barnehage er kollektivt forsikra ved ulykkesskade som oppstår i barnehagen/barnehagen sitt turområde, i barnehagetida.

§ 14

Eit barnehagetilbod vert lagt ned og barna overført til andre barnehagar, når tal på plassar som vert nytta er mindre enn;

7 heile plassar i aldersgruppa 1-5 år

5 heile plassar i aldersgruppa 1-5 år, samorganisert med SFO og skule