Kulturtenesta disponerer både kommunale midlar, søker, og har fått tildelt eksterne midlar til arbeidet med å stimulere til auka mangfald og inkludering i lokalsamfunna våre.
Fritidserklæringa skal sikre at barn og unge får delta på fritidsaktivitet.
Frivilligheit
Frivilligsentralane er tilretteleggarar for lag og organisasjonar i arbeidet med å lage gode inkluderingsarenaer. Alle skal føle seg velkommen, og kan vere med enten som deltakar eller som frivillig.
Det er oppretta ei ressurssgruppe for frivilligheit: kontakt frivilligsentralane for meir informasjon.
Opne møteplassar som ungdomsklubbar og bibliotek utgjer også mykje av grunnstammen i arbeidet i Kulturtenesta.
Bibliotek
Alle er velkommen på biblioteka våre. Mange nyttar seg av tilbod som å få litteratur på eige morsmål, eller som deltakarar på språkkafé. Språkkafé er eitt av tiltaka vi gjennomfører i samarbeid med frivilligheita. Biblioteket i Florø er også arena på Ope hus-tiltak i LEV VEL-satsinga til kommunen. Tilsette på biblioteket yter også digitalhjelp, rettleiing i bruk av PC, og hjelper til i fortolking av tekst.
Verdensbiblioteket er eit digitalt biblioteket. Her finn du lydbøker og e-bøker på mange av dei store innvandrarspråka i Skandinavia. Du les og lyttar på sjølve nettsida. Det einaste du treng å gjere er å lage deg ein brukarprofil med hjelp av e-postadressa di.
Gå til Verdensbiblioteket her
Ungdomsklubbane våre
Alle ungdommar skal føle seg velkommen på ungdomsklubbane våre. Her kan du kome som du er og finne deg ein aktivitet, eller berre vere der om du har lyst. Tilbodet er gratis og er primært ope for elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.