Ungdomsstilbod

Kinn kommune er eit lokalsamfunn med MOT. Vi jobbar for at barn og unge i Kinn skal vokse opp i eit trygt og godt miljø og bli robuste unge mennesker.

Du kan også engasjere deg politisk som ung i Kinn. Ungdomens kommunestyre har 15 medlemmar fordelt på ungdomsskulane og vidaregåande skular i Eikefjord, Måløy og Florø. Det er val av ungdommens kommunestyre i Kinn annan kvart år.

Ungdomsstilbod / ungdomsklubb

Kinn kommune stiller ikkje krav til ungdommane sin ideologi, ferdigheter eller interesser. Kommunen gir tilbud om samvær og aktivitetar innanfor rammer som er rusfri og haldningsskapande. Ungdomsklubbar er eit supplement til frivillige organisasjonsar, og eit opent lågterskeltilbod.

Haffen ungdomshus i Florø

Haffen ungdomshus ligg midt i Florø sentrum og har ope 4 dagar i veka. Haffen er eit gratis lågterskel tilbod for ungdom mellom 13 og 18 år.

Her har vi blant anna kafe, dans, bandrom, møterom, musikk, gratis Wifi, x-box, biljard, bordtennis, foosball og airhockey.

Her kan du lese meir om Haffen ungdomshus

Måløy ungdomsklubb

Open for alle frå og med 8. klasse.

Her har vi blant anna playstation, biljard, airhockey, foosball, brettspill og hobbyaktiviteter.

Ungdomsklubben held til i Turnhallen i Måløy, lengst nord i Gate 1.

Sjå Ung i Måløy si Facebookside

Opningstider 

  • onsdager kl. 18.00-21.00
  • fredagar kl. 19.00-23.00

Ungdommens kommunestyre

Ungdommens kommunestyre har 15 representantar valgt frå heile kommunen. Ungdom som er eller blir 13 til 19 år i valåret, og som er busette i kommunen, kan veljast. Valet gjennomførast kvart annan år, og er same året som det vert gjennomført kommunestyre- og fylkestingsval- og stortingsval.

Tal representantar UKK er fordelt slik:

SkuleTal representantar
Flora vidaregåande skule4
Måløy vidaregåande skule3
Florø ungdomsskule3
Vågsøy ungdomsskule3
Eikefjord skule2


MOT

Kinn kommune er MOT kommune.

UNG i Måløy er ei facebook-side til bruk og nytte for ungdom og ungdomsarbeidarar i kommunen. For informasjon og tilbakemeldingar til og frå ungdom. Velkommen til å delta!

Besøk UNG i Måløy på Facebook.