Bibliotek

På biblioteka i Vågsøy og Florø får du låne gratis bøker, lydbøker, filmar, spel og magasin, bruke pc eller spele Play Station. Biblioteka har fjernlån frå andre norske bibliotek, trådlaust internett og tilgang til PressReader for norske og utanlandske aviser og tidsskrifter.

Biblioteka tilbyr også appen PressReader med tilgang til eit stort utval norske og internasjonale aviser og magasin. Ønskjer du å lese e-bøker brukar du appen Bookbites. For å nytte Bookbites og PressReader må du ha nasjonalt lånekort og ein PIN-kode. Om du har spørsmål eller treng meir informasjon for å komme i gang – kontakt biblioteket du er lånar hos for hjelp.

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket er eit digitalt biblioteket. Her finn du lydbøker og e-bøker på mange av dei store innvandrarspråka i Skandinavia. Du les og lyttar på sjølve nettsida. Det einaste du treng å gjere er å lage deg ein brukarprofil med hjelp av e-postadressa di.

Gå til Verdensbiblioteket her

Meirope bibliotek i Kinn kommune

Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vere til glede og nytte for alle – du bør difor passe godt på det og halde ro og orden.

Filmotek - filmstrøymeteneste hos biblioteka

No kan du strøyme film gratis på Filmoteket gjennom ditt lokale folkebibliotek!

Vågsøy folkebibliotek

Vi har møterom til låns med plass til 12 personar. Rommet har videokonferanseutstyr og skjerm. For avtale om lån kontakt Vågsøy folkebibliotek på e-post.

Barnehagar og skuleklasser er hjartleg velkomne på besøk. Dersom de ynskjer rettleiing eller eit opplegg knytt til besøket kontakt Tamara Sortland for å avtale dato og tidspunkt.

For høgtlesing for barnehagegrupper ynskjer vi besøk onsdagar før 12:00 etter avtale.

Vågsøy folkebibliotek tilbyr oppsøkjande bibliotek for dei med særskilte behov ein gong i månaden. Kontakt biblioteket for å avtale besøk heim.

I barneavdelinga er det PlayStation med spel til utlån i skranken.

Følg oss på Facebook for oppdateringar og informasjon om arrangement og aktivitetar på biblioteket.

Adresse: Gate 1 nr. 82, 6700 Måløy

Tlf. 57 84 51 30

E-post: vagsoyfolkebibliotek@kinn.kommune.no

Websøk: Vågsøy folkebibliotek

Facebook - Vågsøy folkebibliotek

Florø folkebibliotek

Adresse: postboks 73, Markegata 51, 6905 Florø

Tlf. 57 75 60 55

E-post: florofolkebibliotek@kinn.kommune.no

Websøk: Florø folkebibliotek

Facebook - Florø folkebibliotek  

Opningstider

Vågsøy folkebibliotek

Vanlege opningstider:
Måndag stengt 

Tysdag kl. 11.00-15.30 

Onsdag kl. 14.00-19.00 

Torsdag kl. 14.00-19.00 

Fredag kl. 11.00-15.30 

Laurdag kl. 10.30-14.00 

Florø folkebibliotek

Måndag kl. 10.00-15.00

Tysdag kl. 10.00-15.00

Onsdag kl. 10.00-19.00

Torsdag kl. 10.00-15.00

Fredag kl. 10.00-15.00

Laurdag kl. 11.00-14.00

Biblioteka er ope frå kl. 07.00-22.00 alle dagar for dei som har kontrakt for sjølvbetening.