Trinn 6 - 4.6.2 - Langtidsopphald i institusjon

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 21 Langtidsopphold i institusjon. IPLOS kapittel 10 – Rapportering av tjenester med definisjoner og rapporteringskrav.

Eigenbetaling

Ja. Brukar betaler eigenandel for langtidsopphald i institusjon jf. Eigendelsforskrifta og følgjer gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn».

Mål for tenesta/føremål

Yte pleie og omsorg til personar som har eit omfattande, døgnkontinuerleg behov som ikkje kan gjevast på forsvarleg måte i eigen heim.

Kriterium for tildeling

  • Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og resulterer i einskildvedtak.
  • Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
  • Ved tildeling av plass på skjerma eining er det krav om demensdiagnose.
  • Før tildeling av institusjonsplass skal alle andre hjelpetiltak vere vurdert og/eller prøvd i eigen heim.

Praktiske opplysningar

  • Vederlaget skal dekke kost, losji, medisinar, og lovpålagte helse og omsorgstenester, som tilsynslege, fysioterapitenesten og tannhelsetenesta.
  • Den offentlege tannhelsetenesta pliktar å ta imot brukarar som har langtidsplass på institusjon. Dersom privat tannlege og/eller fastlege blir valt, må brukaren betale dette sjølv.
  • Tenestemottakar, pårørande eller verje skal melde flytting til Folkeregisteret, Posten m.m. 
  • Langtidsopphald i institusjon kan endrast dersom tenestemottakar si helse og funksjonsnivå endrar karakter, slik at heildøgns omsorg ikkje lenger er naudsynt.
  • Tenestemottakar som har rett til langtidsopphald i institusjon eller bustad med heildøgns pleie og omsorgsteneste kan bli sett på venteliste dersom det ikkje er plass (jf. forskrift om venteliste).
  • Fleire av institusjonane har utstyr til digitalt tilsyn.
  • Det må gjevast skriftleg samtykke til bruk av digitalt tilsyn. Digitalt tilsyn kan gje forbetring i søvnkvalitet og kan redusere risiko for fall.

Flytting mellom avdelingane

Ved tildelt langtidsopphald vil ein måtte rekne med å flytte til anna avdeling. Opplysning om dette blir formidla i vedtaka og i innkomstsamtalar. Dette er for å gje eit best mogeleg tilrettelagt tilbod til alle institusjonsbebuarane.

Flytting mellom institusjonane

Ved tildelt langtidsopphald vil ein måtte rekne med å flytte til anna institusjon ved endra omsorgsbehov. Dersom pasient eller brukar er usamd i flytting til anna institusjon må det gjerast ny fagleg vurdering samt innhente nye opplysningar og fattast nytt enkeltvedtak.

For dei som mot sin vilje bur på dobbeltrom er det vedteke å innføre redusert eigenfinansiering.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

  • Utgifter til telefon
  • Private abonnement
  • Frisør
  • Fotpleie
  • Andre velvære behandlingar
  • Klede
  • Hygieneartiklar – gjeld særskilte merker som institusjonen ikkje har
  • Privat tannlege
  • Tannprotese hos privat tannlege
  • Privat lege /fastlege
  • Briller
  • Høyreapparat
  • Abonnement TV (ut over NRK og TV2»)
  • Oppbevaring av verdisaker
  • Erstatning av verdisaker (tilrår den einskilde å teikne eigen innbuforsikring)

Forventningar til tenesteytar

  • Yte fagleg forsvarlege tenester.
  • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte overfor tenestemottakar og pårørande.
  • Det vert gitt hjelp til eigenomsorg i samsvar med eigne ressursar, og lagt til rette for å oppnå optimalt funksjonsnivå.

Forventningar til tenestemottakar

  • Tenestemottakar utfører sjølv det han/ho meistrar.
  • Rommet kan møblerast i samråd med institusjon.
  • Pårørande skal som hovudregel fylgje til tannlege, undersøkingar, kontrollar m.m.
  • Private eigendelar er ikkje forsikra av kommunen.
  • Sørge for at private klede er merka med namn.

Private klede

Vask av klede dekkast ved alle typar opphald når dei er merka med namn, toler maskinvask på 60 grader og ikkje fargar av. Dersom pårørande vil kjøpe klede som ikkje toler denne behandlinga må dei sjølv påta seg vask av kleda.

Kommunen erstattar ikkje klede som forsvinn eller blir øydelagt i vask.

Husk at du også må merke nytt tøy. Reparasjon av klede vert ikkje utført av kommunen.

Merknad

Les meir om opphald på sjukeheim her.