Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente svar på søknaden.
Vurdering
Vi må kartlegge situasjonen din før søknaden kan svarast på.
Vi vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden, og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til kartlegginga.
Du får beskjed om du får innvilga søknaden din, og kva teneste du får tildelt.
Dersom det kan tenkast at du blir utilfreds med vedtaket, vil du få ei særskilt grunngjeving. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet.