Trinn 5 - 4.5.3 - Rehabiliteringsopphald

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 19 – Tidsbegrenset opphold – habilitering/rehabilitering. IPLOS kapittel 10 Rapportering av tjenester med definisjoner og rapporteringskrav.

Kostnad

Ja. Brukar betaler eigenandel for korttidsopphald i institusjon jf. Eigendelsforskrifta og følgjer gjeldande «gjeldande gebyr og betalingssatsar i Kinn».

Mål for tenesta/føremål

  • Gje tilbod om rehabilitering til tenestemottakarar som har fått nedsett funksjonsevne som følgje av sjukdom eller skade.
  • Rehabilitering i institusjon vert nytta i ein avgrensa periode opptil fire veker, med formål å sette tenestemottakar i stand til å gjenvinne funksjonsnivå og evne til eigenomsorg.
  • Brukar skal kunne reise heim etter avslutta rehabiliteringsopphald.

Kriterium for tildeling

  • Andre relevante tiltak i høve innsatstrappa skal på førehand vere vurdert og/eller utprøvd.
  • Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak.
  • Personar med samtykkekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
  • For å ha rett på rehabilitering i institusjon må tenestemottakar ha behov for tidsavgrensa. rehabilitering, og behovet må vere slik at tenesta ikkje praktisk kan ytast i heimen til tenestemottakar
  • Tenestemottakar må vere motivert eller kunne motiverast for rehabilitering, og må vere i stand til å yte. eigeninnsats og brukarmedverknad i rehabiliteringsprosessen.
  • Tenestemottakar må vere tilstrekkeleg medisinsk utgreia.

Praktiske opplysningar

  • Det vert etter 60 døgn på korttidsopphald i løpet av året, kravd eigendel tilsvarande som for langtidsopphald i institusjon.
  • Tenesta er tverrfagleg samansett
  • Man set tydelege eigne mål for opphaldet eller vedlikehalde fysiske, psykiske eller sosiale funksjoner, dermed auke eller vedlikehalde funksjon, og/eller utvikle, oppnå nye ferdigheitar eller andre/ nye strategiar for meistring
  • Rehabiliteringsopphold kan vare opp til fire veker, men blir evaluert fortløpande
  • Den som tek imot korttidsplass må ha med seg naudsynt personleg utstyr, medisinar som ikkje er foreskrevet av lege og hjelpemiddel.
  • Eigenbetalinga dekker kost, losji og legemiddel under opphaldet.
  • Endring av rehabiliteringsopphold til korttidsplass og/eller eventuelt endring til langtidsplass blir kontinuerleg vurdert under opphaldet eller innan dei tre vekene.
  • Tenesteytar er ansvarleg for transport til og frå korttidsopphaldet.
  • Fleire av institusjonane har utstyr til digitalt tilsyn.
  • Det må gjevast skriftleg samtykke til bruk av digitalt tilsyn. Digitalt tilsyn kan gje forbetring i søvnkvalitet og kan redusere risiko for fall.
  • Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av tenester og organisering av desse.

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
  • Samarbeide med tenestemottakar om målsetting for opphaldet utifrå vedtaket.
  • Skal legge til rette for at tenestemottakar får nytta og trene opp eigne ressursar slik at dei kan reise heim til eigen bustad etter opphaldet.
  • Tenestemottakar får tilbod om individuell oppfølging av fysioterapeut og eller ergoterapeut, knytt til kartlegging og trening i daglege aktivitetar.
  • Sjukeheimslege vurderer tenestemottakar ved innkomst, og gjev oppfølging og tilsyn etter behov under opphaldet.
  • Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Sørge for at private klede er merka med navn.

Forventningar til tenestemottakar

  • Den enkelte tenestemottakar utfører sjølv det han/ho meistrar.
  • Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Sørger for at private klede er merka med namn.

Merknad

Les meir om opphald på sjukeheim her.

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post
Telefon 97 99 18 03