Trinn 1 - 4.1.10 - Hjelpemiddel

Lovheimel

Forskrift om habilitering og rehabilitering og koordinator § 9 og Arbeidsmiljøloven §4-4. 

Klageveg

Klagerett er forankra i folketrygdloven og Forvaltningsloven §§ 28 og 29.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Hjelpemiddel skal inngå som del av ein heilskapleg plan, og bidra til å

  • betre funksjonsevna
  • auke moglegheit for å vere sjølvhjelpen
  • lette pleie av personar med funksjonsnedsetting 

Kriterium for tildeling

  • Behov for hjelpemiddel og/eller tilrettelegging må inngå som ein del av den heilskaplege utredningen av behovet for habilitering og rehabilitering.
  • At hjelpemiddel skal vere nødvendige, betyr at andre tiltak kan vere aktuelle både som alternativ til et hjelpemiddel eller som supplement.

Praktiske opplysningar

  • For enklare hjelpemiddel ved kortvarige behov (inntil 2 år) har kommunen finansierings- og anskaffingsansvaret.
  • NAV ved hjelpemiddelsentralane har ansvar for hjelpemiddel finansiert over folketrygda. Dette gjeld hjelpemiddel ved funksjonsnedsettingar med meir enn 2-års varigheit.

Forventningar til tenesteytar

Kommunens sørge-for-ansvar gjelder uavhengig av varigheita av behovet. Det omfattar alle ledd i formidlingsprosessen

  • Å avdekke og utgreie behovet for alle typar hjelpemiddel
  • Utprøving av hjelpemiddel
  • Bistand i søknadsprosess
  • Tilpassing og enklare montering
  • Opplæring i bruken av hjelpemiddelet
  • Service og reparasjon av enklare art

Forventningar til tenestemottakar

  • Vanleg vedlikehald
  • Melde behov om ev. problem eller feil med hjelpemiddel, også brukarfeil.
  • Melde om tenestemottakar ikkje lenger har behov for hjelpemiddel
  • Ta imot hjelpemiddel som det er behov for knytt til Arbeidsmiljøloven § 4-4 

Merknad

Du kan lese meir om tekniske hjelpemiddel her.