Tekniske hjelpemiddel

Det er gratis å låne kommunale hjelpemiddel, og du treng ikkje sende skriftleg søknad ved korttidsutleige. For lån av hjelpemiddel lenger enn to år, er det litt andre reglar og du må sende søknad. 

Tekniske hjelpemiddel kan til dømes vere

  • Arbeidsstol
  • Rullestol
  • Rullator
  • Personløftar
  • Data
  • Spesialpedagogiske hjelpemiddel
  • Syn- og hørselshjelpemidlar

Det er to former for utlån:

  • Korttidsutlån, inntil 2 år
  • Langtidsutlån, over 2 år

Kommunalt ansvar - korttidsutlån:

Dersom trongen for hjelpemidlar er kortvarig, dvs. under to år, har kommunen ansvar for utlån av hjelpemiddel. Dette kan t.d. vere hjelpemidlar for naudsynt avlastning etter ein operasjon.

Kommunalt hjelpemiddellager finn du i Fjordgata 9 i Florø, og på Kulatoppen omsorgssenter i Måløy. Lageret har eit avgrensa utval av hjelpemidlar, som t.d. dusjstolar, toalettforhøgarar og ganghjelpemiddel.

Du treng ikkje søke skriftleg ved kortsiktig utlån. Utlånet er gratis.

Statleg ansvar - langtidsutlån:

NAV Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane (Førde) har det overordna ansvaret for varig utlån av hjelpemiddel, dvs. utlån over 2 år.

Du må søke skriftleg for varig utlån av hjelpemiddel. Vedtak vert gjort ved NAV Hjelpemiddelsentral, og utlånet er gratis.

Hjelpemiddelsentralen sender hjelpemidla til kommunal adresse, denne får du oppgitt når du søker. Ventetid må påreknast. Dette avheng av type hjelpemiddel, og kva NAV Hjelpemiddelsentralen til ei kvar tid har inne på lager.

Levering/henting/montering av tekniske hjelpemidlar

Vi har vaktmeister som utfører arbeid med levering/henting/montering av tekniske hjelpemidlar frå kommunalt lager og hjelpemiddelsentralen.