Det skal byggast barnehage som går over to plan pluss kjellar, med mogelegheit for utviding til eit tredje plan. Bygget blir totalt 1230 m2 over to etasjar, og ein kjellaretasje som inneheld teknisk rom og bossrom.
I samband med riving av eksisterande Nepjarhaugen barnehage og nybygg vert det behov for noko opparbeiding av nytt leikeareal og tilpassing til eksisterande. Det eksisterande leikearealet til Nepjarhaugen skal bevarast i størst mogleg grad.
I tillegg til dagens barnehage skal det og rivast andre bygningsdelar som ligg på tomta.
Konstruksjon og materialbruk
Konstruksjon og materialbruk skal ivareta alle typar belastningar og sikre god motstandsdyktigheit mot påkjenningar som elementet kan bli utsett for i den aktuelle bruken. Fasadane skal vere mest mogeleg vedlikehaldsfrie.
Det er ei generell utfordring at der born og ungdom ferdast vert det klatra på bygg og konstruksjonar. Yttervegger, utvendige trapper, terrengmurar m.m. må difor utformast slik at ein i størst mogleg grad unngår klatring og fare for fall.
Kjellaren blir delvis nedgravd, mot nord skal det vere inngang til bossrom og teknisk rom.
Hovuddelen av fasaden er tenkt med fasadeplater, med unntak av plan 1 mot vest, samt frambygget på same side, som er tenkt i større grad i trekledning.
Varmeanlegg
Varmeanlegget skal baserast på varmeopptak frå energibrønnar via væske-vatn varmepumpe. Totalentreprenør er ansvarleg for berekning av samla varmebehov i bygget inklusiv framtidig plan 3. Varmepumpa skal vere modulbasert og tilrettelagt for utviding ift. auka varmebehov ved ein framtidig 3. etasje. Røyranlegget frå varmepumpe og til topp sjakt skal vere dimensjonert for same auken i varmebehov, med krav til trykktap som beskrive i kap. 32.2. Brønnpark skal også dimensjonerast for eit framtidig plan 3.
Varme frå energipark skal dekke 85 % av årleg energibehov til romoppvarming, ventilasjons-ettervarme og varmt tappevatn.
Sprinkelanlegg
Bygget skal fullsprinklast etter NS-EN 12845 i samsvar med brannteknisk notat.