Figur 1Planen skal legge til rette for etablering av forretning på gbnr. 305/74, 305/69 og 305/68. Vidare har Kinn kommune kravd at planarbeidet må regulere tilkomst til Rv.15 og del av omlegging av ny kommunal veg til Myrane.
Planområdet er på om lag 26,5 daa. Området ligg aust for riksveg 15 «Nordfjordsvegen» i Deknepollen, og grensar i sør mot LNF-areal og bustadeigedomar. I nord grensar området til ein bustadeigedom. Nord for bustadeigedomen er det etablert eit forretningsområde med mellom anna Rema 1000.
Tilhøve til overordna og gjeldande planar
I kommuneplan på høyring for området, arealdel til Kinn kommune 2023-2033 er planområdet avsett til næringsføremål, sjå figur 2 i vedlagte dokument.
Planområdet er del av ein eldre reguleringsplan vedteken 17.03.1982, «Reguleringsplan for Degnepollen», der området er innanfor arealformål «B3» -boligområde og «I» - industri. Grunna motstrid mellom reguleringsplanen og kommuneplanen er rettsverknadane av reguleringsplanen frå 1982 sett til side.
Planprosess
Det vart hald oppstartsmøte med Kinn kommunen den 13.05.2024. I møtet tilrådde administrasjonen oppstart av planarbeidet.
Kommunen sluttar seg til vurdering knytt til krav om konsekvensutgreiing, og vurderer at planområdet ikkje fell inn under forskrifta sitt saklege verkeområde. I samband med pågåande kommuneplanarbeid, er det gjort konsekvensutgreiing for del av det aktuelle planområdet, og detaljplanarbeidet vil vere i samsvar med framlegg til ny kommuneplan.
Kommunen har vurdert kven som skal varslast om planarbeidet. Alle kjende grunneigarar/naboar som grensar til eller ligg innanfor planområdet vil få tilsendt varsel. I tillegg vert oppstart av planarbeidet annonsert i Firdaposten.
For nærare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til
Cornelis Erstad, tlf. 41 04 37 15, e-post: cornelis.erstad@norconsult.com.
Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv:
Norconsult AS, v/Cornelis Erstad, cornelis.erstad@norconsult.com, Trolladalen 30, 6856 Sogndal.
Vi ber om at ev. innspel til varsel om planoppstart vert sendt skriftleg via altinn, e-post eller post innan 11. juli 2025.
Vedlegg