Usikker på om du er innført i manntalet? Utleggingsmanntal for stortingsvalet 2025

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i Kinn kommune. For å kunne røyste til stortingsvalet må du stå innført i manntalet i ein kommune. Er du usikker på om du er oppført i manntalet, kan du sjekke dette på informasjon og service i Florø eller Måløy.

Alle personar med røysterett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen dei var registrert i folkeregisteret som busett per 30. juni i valåret. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet, og har røysterett i den kommunen du flytta frå.

Sjekk om du står i manntalet

Manntalet for Kinn vert lagt ut til gjennomsyn frå og med 11. juli og fram til valdagen. Du kan då sjekke om du står i manntalet i Kinn på følgjande stader:

  • Informasjon og service (servicetorget) i Florø, Markegata 51
  • Informasjon og service (servicetorget) i Måløy, Måløy rådhus, Gate 1

Du kan også ringe Kinn kommune på tlf. 57 75 60 00, og få opplyst over telefon om du står i manntalet.