Namnesak - Botnane og Årebrot grendelag føreslår å endre namnet på kaia i Villevika

Grendelaga føreslår å endre namnet på kaia i Villevika til Årebrot kai. Viss du har innspel til det nye namnet, kan du sende det til oss innan 30. oktober.

Gi innspel til namnesaka her

Vestland fylkeskommune skriv følgande om saka:

“Vestland fylkeskommune ved avdeling for Infrastruktur og veg vurderer søknadar knytt til skilt på fylkesveg. Vurderinga skjer i tråd med Statens vegvesen si handbok N300 «Trafikkskilt». Dersom fylkeskommunen finn at det er grunnlag for oppsetting eller endring i skilting langs fylkesveg vert saka oversendt til Statens vegvesen for vedtak. Det er Statens vegvesen som er vedtaksmynde for offentleg trafikkskilt, også på fylkesveg.”

Før namnesaka blir handsama vidare, sender vi den på høyring til innbyggarane. 

Vedlegg til namnesaka