5 Del 5: Mynde knytt til særskilde roller i organisasjonen
Lova knyt mynde til bestemte roller i kommuneorganisasjonen.
Kommunestyret kan gje ordførar fullmakt til å treffe vedtak i enkeltsaker som ikkje er prinsipielle.
I administrasjonen er bestemte roller, ansvar og mynde knytt til fagleg kompetanse.
Lovverket gjev slik mynde:
| Rolle | Lovheimel |
| Skatteoppkrevjar | Skattebetalingslova §48 |
| Rektor | Opplæringslova §9-1 |
| Skulefagleg kompetanse | Opplæringslova §13-1 |
| Barnevernsleiar | Lov om barnevernstenester § 2-1 |
| Arkivansvarleg | Arkivlova § 12, forskrift 1193 §2-1 |
| Biblioteksjef | Lov om folkebibliotek §5 |
| Kommunelege | Lov om kommunal helse og omsorg §5-5 |
| Administrativ representant for barn sine interesser i plansaker | Plan- og bygningslova §3-3 |
| Verneombod | Arbeidsmiljølova §6-3 |
Mynde til desse rollene er avgrensa til faglege avgjersler etter lova.
I alle andre samanhengar skal dei følgje den administrative tenestevegen.