Politisk organisering og delegering

4 Del 4: Kommunedirektøren

4.1 Oppgåver, ansvar og mynde

Delegering av oppgåver, ansvar og mynde frå kommunestyret til kommunedirektøren er heimla i kommunelova §13.

4.1.1 Kommunedirektøren si rolle

Kommunelova §13 definerer kommunedirektøren si rolle slik:

  1. Kommunedirektøren er den øvste administrative leiaren for den samla kommunale administrasjonen, med dei unntak som følgjer av lov, og innanfor dei rammer som kommunestyret fastset
  2. Kommunedirektøren skal sjå til at saker som vert lagt fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreidd, og at vedtak vert sett ut i livet. Kommunedirektøren skal sørge for at administrasjonen vert driven i samsvar med lov, forskrifter og overordna instruksar, og at den har gode rutinar for gjennomføring og kontroll. Prinsippa for fullført sakshandsaming skal leggast til grunn
  3. Kommunedirektøren har møte- og talerett, personleg eller ved avløysar i alle kommunale folkevalde organ, med unntak av kontrollutvalet
  4. Kommunestyret gir fullmakt til å treffe vedtak i saker som ikkje er prinsipielle, dersom kommunestyret ikkje har avgjort noko anna
  5. Kommunedirektøren har innstillingsrett og innstillingsplikt i saker som vert fremma for første handsaming i eit folkevald organ. I den vidare sakshandsaminga i formannskap eller kommunestyret, skal kommunedirektøren si innstilling gå klart fram av saka
  6. I særskilde tilfelle og etter avtale med ordførar, kan kommunedirektøren fremme sak direkte til kommunestyret
  7. Kommunedirektøren har høve til å trekke ei sak frå sakskartet dersom han meiner kommunestyret ikkje har fått tilstrekkeleg informasjon

 

4.1.2 Hovudtrekk i kommunestyret si delegering av mynde til kommunedirektøren

  1. Kommunestyret si delegering av mynde til kommunedirektøren går på to hovudområde. Det første går på mynde til å drifte og utvikle kommuneorganisasjonen innanfor dei rammene som kommunestyret har bestemt. Det andre gjeld mynde til å ta avgjerder som forvaltingsorgan etter gjeldande lovverk
  2. Kommunedirektøren har fullmakt til å delegere mynde vidare i kommuneorganisasjonen. Slik delegering skal vere spesifisert i eige administrativt delegeringsreglement. Delegeringsvedtak som ikkje går fram av reglementet, skal gjerast skriftleg og verte rapportert til kontrollutvalet og revisjonen
  3. Bestillingar til administrasjonen skal skje gjennomvedtak i møte i folkevalde organ
  4. Berre kommunestyret sjølv kan disponere unytta økonomiske tildelingar som følgje av at tiltak ikkje er iverksette
  5. Delegeringa nemnd under går via utvala slik det går fram av tabellane.

 

4.2 Bindeledd mellom politisk nivå og tilsette i kommunen

Kommunedirektøren er den einaste kommunestyret er direkte arbeidsgjevar for. Dei nærare rammene og reglane for kommunedirektøren sitt ansvar og mynde følgjer av reglement og kommunelova kapittel 13.

Retningsliner for samarbeidet mellom leiing og tilsette, samt tilsette sin medverknad, er nedfelt i Hovudavtalen.

I tillegg skal det partsamansette Administrasjonsutvalet sikre at kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk fungerer godt, at politikken er i stadig utvikling, samt at naudsynt kunnskap vert utveksla mellom dei tilsette og politisk nivå.

Ein ønsker ein open og god relasjon mellom dei folkevalde og dei tilsette i kommunen.

I tillegg er det viktig å forstå dei folkevalde si spesielle rolle som ombod for alle innbyggarane i kommunen, ha forståing for dei respektive rollene, og å følgje lov- og avtaleverket.

4.3 Oversikt over fullmaktene til kommunedirektøren

4.3.1 Administrasjon og personalforvalting Kommunedirektøren har fått fullmakt frå kommunestyret til å:

  1. Ta avgjerder gjeldande drift av kommunen innanfor dei rammene kommunestyret har vedteke
  2. Representere kommunestyret som arbeidsgjevar overfor dei tilsette innanfor lov-, avtale- og planverk vedteke av kommunestyret
  3. Tilsette i alle stillingar i kommunen unntatt kommunedirektørstillinga
  4. Tilpasse organisasjonen etter overordna mål vedtekne av kommunestyret, forsvarleg tenesteyting og god ressursbruk
  5. Opprette, legge ned og endre stillingar innanfor dei økonomiske rammene kommunestyret har bestemt
     

Der ikkje anna er nemnd i tabellen under, er mynde innanfor forvaltningsområdet delegert til kommunedirektøren.

Lovverk med tilhøyrande forskrifterKan ikkje delegerast
Domstollova

Kommunestyret skal: Oppnemne medlemmer til Forliksrådet
Velje medlemmer til utvala av meddommarar, og eventuelle suppleringsval

Formannskapet skal: 
Førebu valet
Avgjere søknad om fritak frå val 
Gje forslag til val

Vallova

Kommunestyret skal: 
Oppnemne valstyre

Formannskapet skal: 
Fastsetje kor mange røystekrinsar kommunen skal delast inn i
Fullmakt til å oppnemne røystestyrer

 

4.3.2 Økonomistyring

Kommunedirektøren sitt mynde innan økonomi- og finansforvalting er fastsett i eige økonomireglement for Kinn. Reglementet gir eit oversyn over rammer og avgrensingar for kommunen si økonomistyring og finansforvalting.

Fullmakter, instruksar og rutinar er heimla i økonomireglementet. Økonomi- og finansforvaltinga skal skje med heimel i gjeldande lov og forskrift i kommunane, inkludert, men ikkje avgrensa til: kommunelova §14, Forskrift om årsbudsjett, Forskrift om årsrekneskap og årsberetning, Forskrift om rapportering, Forskrift om garantiar, og Forskrift om finansforvalting.

Der ikkje anna er nemnd i tabellen under, er mynde innanfor forvaltningsområdet dekka av nemnde lovverk delegert til kommunedirektøren.

Lovverk med tilhøyrande forskrifter

Kan ikkje delegere

 

 

Eigedomsskattelova

Kommunestyret skal: Fastsette satsar og reglar ved utskriving av eigedomsskatt

Oppnemne ei klagenemnd Oppnemne ei sakkunnig nemnd

Vedta skattefritak for eigedomar

Formannsskapet skal: Avgjere einskildsaker om skattefritak for bustadeigedomar

Tvistelova

Formannskapet skal: 
Gjere vedtak i saker av prinsipiell betyding og saker av større økonomisk omfang

 

4.3.3 Helse, omsorg og sosiale tenester

Kommunestyret delegerer til helse,- sosial- og omsorgsutvalet, som vidare gjev fullmakt til kommunedirektøren. Kommunedirektøren får slik mynde til å gjere vedtak og ta avgjerder knytt til drift av tenester som er regulert av gjeldande lov for helse-, omsorg og sosiale tenester.

Fullmakta gjeld ikkje vedtak som kommunestyret etter lova ikkje kan delegere.

Der ikkje anna er nemnd i tabellen under, er mynde innanfor forvaltningsområdet dekka av nemnde lovverk delegert til kommunedirektøren.

 

Lovverk med tilhøyrande forskrifter

Merknad

 

 

Helse- og omsorgstenestelova

 

Barnevernslova

 

Sosialtenestelova

 

Folkehelselova

 

Helsepersonellova

 

Pasientrettslova

 

Helseberedskapslova

 

Smittevernlova

 

Alkohollova

Kommunestyret skal handsame saker om løyve og skjenketider

Serveringslova

 

Tobakksskadelova

 

Helseregisterlova

 

Krisesenterlova

 

 

 

 

4.3.4 Oppvekst og kultur

Kommunestyret delegerer til oppvekst- og kulturutvalet, som vidare gjev fullmakt til kommunedirektøren. 

Der ikkje anna er nemnd i tabellen under, er mynde innanfor forvaltningsområdet dekka av nemnde lovverk delegert til kommunedirektøren.

Lovverk med tilhøyrande forskrifterKan ikkje delegerast

 

 

BarnehagelovaKommunestyret skal: 
Fastsette vedtekter, forskrifter, og betalingssatsar
OpplæringslovaKommunestyret skal: 
Fastsette forskrift om undervisningstid utover det sentrale forskrifter 

Fastsette forskrift om skule- og feriedagar i skuleåret 

Fastsette forskrift om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skulane

 

Fastsette felles ordensreglement for grunnskule
FolkebiblioteklovaOppvekst-  og kulturutvalet skal: 
Fastsette reglement for folkebiblioteket
Kulturlova

 

Kulturminnelova

 

Mållova

 

Folkehelselova

 

Film- og videogramlovaOppvekst- og kulturutvalet skal:
gje løyve og fastsette vilkår for løyve til framsyning av film i næring
KyrkjelovaOppvekst- og kulturutvalet skal: 
Velje eit medlem og eit varamedlem til kyrkjeleg fellesråd
StadnamnlovaOppvekst- og kulturutvalet skal:
Vedta skrivemåten av namn på kommunale vegar,parkar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg mv.

 

4.3.5 Tekniske tenester

Kommunestyret delegerer til plan- og miljøutvalet, som vidare gjev fullmakt til kommunedirektøren.

Kommunedirektøren får slik mynde til å:

  1. ta avgjerder om kommunen si drift av eigedomar, bygg og anlegg innanfor dei retningsliner, planar og rammer som er fastsett i kommunestyret
  2. Inngå avtalar og kontraktar for kommunen sine bygg og anlegg innanfor dei retningsliner som er fastsett i lov og forskrift, og etter vedtekne planar, retningsliner og rammer som er fastsett av kommunestyret
  3. Gjennomføre utbyggingsprosjekt for Kinn kommune etter vedtekne planar, retningsliner og rammer.


Der ikkje anna er nemnd i tabellen under, er mynde innanfor forvaltningsområdet dekka av nemnde lovverk delegert til kommunedirektøren.

Lovverk med tilhøyrande forskrifterKan ikkje delegerast
Plan- og bygningslova

Kommunestyret skal: 
Vedta planstrategi, reguleringsplanar, kommuneplanar, gebyr, ekspropriasjon, og føresetnader for utbyggingsavtalar

Konsesjonslova

 

Eigarseksjonslova

 

Matrikkellova

 

Lov om eiendomsregulering (matrikkellova)

 

Grannelova

 

Forureiningslova

Kommunestyret skal:
Vedta forskrifter om forureining

Plan- og miljøutvalet skal: Fastsette tvangsmulkter

Veglova

 

Vegtrafikklova

 

Brann- og eksplosjonsvernlova

Plan- og miljøutvalet skal: Fastsette lokal forskrift og gebyr for feiing og tilsyn ved fyringsanlegg og godkjenne brannordning

Vedta lokaleforskrifter om meldeplikt ved store arrangement

Lakse- og innlandsfisklova

 

Jordlova

 

Odelslova

 

Skogbruklova

 

Friluftslova

Plan- og miljøutvalet skal: T
reffe vedtak om å regulere eller forby ferdsel i bestemte område, med samtykke frå eigaren eller brukaren

Viltlova

Plan- og miljøutvalet skal: 
Vedta forskrift om minsteareal eller kvoter for felling av dyr

Folkehelselova

 

Hundelova

Kommunestyret skal:
Fastsette forskrift om sikring av hund ved bandtvang osb

Plan- og miljøutvalet skal:
Fatte vedtakom unntak frå sikringsreglane

Vass- og avløpsanleggslova

Plan- og miljøutvalet skal: Fastsette lokale forskrift for gebyr.

Gje løyve til privat vass-og avløpsanlegg