Politisk organisering og delegering

2 Del 2: Politiske organ - medlemmer, arbeidsområde, sakshandsaming og delegering

ane k2.1 Kommunestyret

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ etter kommunelova §5-3, og treff vedtak så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegeringsvedtak.

2.1.1 Medlemmer

Kommunestyret har 39 medlemmer. Desse vert valde ved folkerøysting kvart4. år.

2.1.2 Arbeidsområde

Kommunestyret sine oppgåver følgjer av kommunelova og anna lovverk.

Kommunestyret kan ta opp saker ettereiga vurdering dersom det ikkje er i strid med lov og overordna regelverk.

Kommunestyret kan handsame saker sjølv, eller overlate det til andre organ etter reglar i lov og delegeringsvedtak.

Kommunestyret har det øvste ansvaret for å kontrollere kommunen si verksemd. Kommunestyret kan krevje at ei kvar sak skal leggjast fram til orientering eller avgjerd, jamfør§ 22-1 i kommunelova. Kommunestyret kan gjere om vedtak som er gjort av andre folkevalde organ eller administrasjonen, dersom dei sjølve kunne ha fatta vedtaket.

2.1.3 Sakshandsaming

Alle saker som vert lagde fram for kommunestyret skal ha ei innstilling frå formannskapet eller utval oppretta av kommunestyret.

Eldrerådet, Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdommens kommunestyre har rett til å kome med uttale og tilråding til kommunestyret i saker som gjeld høvesvis eldre, personar med nedsett funksjonsevne og ungdom.

Vedtak frå rådsmøte skal følgje saksdokumenta til kommunestyret.

Kontrollutvalet innstiller til kommunestyret ved val av sekretariat, revisor og revisjonsordning, og når kommunen sitt rekneskap og budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet i kommunen vert lagt fram.

Kontrollutvalet kjem òg med innstilling til kommunestyret i saker om forvaltningsrevisjon (§ 23-3), eigarskapskontroll (§ 23-4) og elles i saker der kontrollutvalet utøver funksjonen som kontroll- og tilsynsmynde på vegne av kommunestyret.

Kontrollutvalet sin leiar, eller avløysar for denne, har møte- og talerett i kommunestyret når utvalet sine saker vert behandla. Kontrollutvalet rapporterer til kommunestyret, jamfør kommunelova § 23-5.

Saksbehandlinga i kommunestyret skal elles følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for saksbehandling i folkevalde organ.

2.2 Formannskapet

Formannskapet vert oppretta med heimel i kommunelova §5-6.

2.2.1 Medlemmer

Formannskapet har 11 medlemmer.

Medlemmer og varamedlemmer er valde av kommunestyret. Representant for ungdommens kommunestyre har rett til å gje innspel.

2.2.2 Arbeidsområde

Formannskapet har ansvaret for den overordna økonomiske planlegginga i Kinn kommune og skal utarbeide årsbudsjett og økonomiplan. Formannskapet har òg ansvaret for økonomiske strategiar, reglement og liknande for den økonomiske forvaltninga i kommunen.

Utanom ansvar og pliktersom er pålagde formannskapet etter kommunelova, har formannskapet følgjande ansvarsområde og gjeremål:

  1. Interkommunalt samarbeid og kontakt på tvers av sektorane
  2. Overordna leiing og samordning av den kommunale verksemda
  3. Kommuneplanlegging
  4. Sivilt beredskap
  5. Andre saker som naturleg ikkje høyrer under hovudutvala sine ansvarsområde
  6. Delegere mynde til kommunedirektøren etter reglene i § 13-1 i kommunelova
  7. Opprette komitear, ad hoc-utval og underutval innafo rutvalet sitt arbeidsområde
  8. Næringssaker og næringsutvikling
  9. Samferdselssaker (til formannskap eller plan- og samfunnsutvalet)

 

2.2.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i formannskapet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.2.4 Avgjerdsmynde og delegering

Formannskapet avgjer alle saker som ikkje vert avgjort av kommunestyret, og i saker som ikkje vert avgjort i andre organ etter lov eller delegert mynde. Dette gjeld òg fråsegner og tilrådingar til KS, fylkeskommunale og statlege organ med fleire.

Formannskapet kan gjere vedtak i hastesaker som skulle ha vore oppe i kommunestyret eller anna kommunalt utval, når det er nødvendig at vedtak vert gjort så raskt at det ikkje er tid til å kalle inn kommunestyret eller anna utval til møte, jamfør kommunelova § 11-8 første ledd. Vedtak som vert gjort med heimel i denne fullmakta skal refererast for kommunestyret eller utvalet i deira neste møte.

Formannskapet kan avgjere søknad om fritak frå val, gir forslag til val etter domstollova og oppnemner medlemmer til røystestyre etter vallova.

Formannskapet kan avgjere saker etter tvistelova og gje fritakf or eigedomsskatt for bustadeigedommar etter eigedomsskattelova.

2.2.5 Innstillingsrett til kommunestyret

Formannskapet innstiller til kommunestyret i følgjande saker:

  1. økonomiplan og årsbudsjett i samsvar med § 14-3 i kommunelova
  2. periodiske endringar/justeringar av økonomiplan/årsbudsjett
  3. endringar og justeringar i økonomiplan, og årsbudsjett i samsvar med Kinn kommune sitt økonomireglement
  4. rapportering, rekneskap, årsmelding og årsrapport i samsvar med i Kinn kommune sitt økonomireglement
  5. alle andre saker som kommunestyret eller ordføraren ikkje har bestemt skal gå direkte frå hovudutvala

 

2.3 Oppvekst- og kulturutvalet

Oppvekst- og kulturutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova §5-7.

2.3.1 Medlemmer

Utvalet har 9 medlemmer. Medlemmer og varamedlemmer er valde av kommunestyret.
Frå kvar liste vert det vald det same tal varamedlemmer som medlemmer, samt 2 i tillegg.
Kommunestyret skal velje leiar og nestleiar i utvalet.

2.3.2 Arbeidsområde

Utvalet har følgjande arbeidsområde:

  1. Barnevern
  2. Barnehage
  3. Grunnskule
  4. Kulturskule
  5. Kultur
  6. Vaksenopplæring
  7. Flyktningar og integrering (i samarbeid med kommunale føretak)


Oppvekst- og kulturutvalet skal handsame kommunedelplanar og fagplanar som høyrer til fagområdet sitt.

2.3.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i oppvekst- og kulturutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.3.4 Avgjerdsmynde og delegering

Kommunestyret kan delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølve handsamar etter lov, eller der kommunestyret har vedteke dei sjølve skal avgjerd
  2. Saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal innstillast til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal sakene innstillast til formannskapet
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret 


Oppvekst- og kulturutvalet har avgjerdsmynde i desse sakene:

  1. Fastsette reglement for folkebiblioteket
  2. Gje løyve og fastsette vilkår for løyve til framsyning av film i næring
  3. Vedta skrivemåten av namn på kommunale vegar, parkar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg og liknande


2.3.5 Innstillingsrett

Utvalet innstiller til kommunestyret i saker innanfor deira arbeidsområde, med mindre anna er fastsett.

Dette gjeld mellom anna:

  1. Fastsette forskrift om undervisningstid utover sentrale forskrifter
  2. Fastsette forskrift om skule- og feriedagar i skuleåret
  3. Fastsette forskrift om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skulane
  4. Fastsette fellesordensreglement for grunnskule
  5. Fastsette vedtekter, forskrifter og betalingssatsar

 

2.4 Helse, sosial- og omsorgsutvalet

Helse-, sosial- og omsorgsutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova §5-7.

2.4.1 Medlemmer

Utvalet har 9 medlemmer. Medlemmer og varamedlemmer er valde av kommunestyret. Frå kvar liste vert det vald det same tal varamedlemmer som medlemmer, samt 2 i tillegg. Kommunestyret skal velje leiar og nestleiar i utvalet.

2.4.2 Arbeidsområde

  1. Helse, velferd og omsorgstenestene
  2. Sosiale tenester i velferdsforvaltinga
  3. Bustadsosiale oppgåver


2.4.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i helse-, sosial- og omsorgsutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.4.4 Avgjerdsmynde og delegering

Kommunestyret kan delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølve handsamar etter lov, eller der kommunestyret har vedteke dei sjølve skal avgjerd
  2. Saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal innstillast til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal sakene innstillast til formannskapet
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret

 

2.4.5 Innstillingsrett

Utvalet innstiller til kommunestyret i saker innanfor deira arbeidsområde, med mindre anna er fastsett.

Dette gjeld mellom anna:

  1. Løyve og skjenketider etter alkohollova
  2. Fastsette vedtekter, forskrifter og betalingssatsar

 

2.5 Plan- og miljøutvalet

Plan- og miljøutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova §5-7.

2.5.1 Medlemmer

Utvalet har 9 medlemmer. Medlemmer og varamedlemmer er valde av kommunestyret.
Frå kvar liste vert det vald det same tal varamedlemmer som medlemmer, samt 2 i tillegg. Kommunestyret skal velje leiar og nestleiari utvalet.

2.5.2 Arbeidsområde

Utvalet har følgjande arbeidsområde:

  1. Konsesjonslova
  2. Eigarseksjonslova
  3. Matrikkellova
  4. Grannelova
  5. Forureiningslova
  6. Veglova
  7. Vegtrafikklova
  8. Brann og eksplosjonsvernlova
  9. Lakse- og innlandsfisklova
  10. Jordlova
  11. Odelslova
  12. Skogbrukslova
  13. Friluftslova
  14. Viltlova
  15. Folkehelselova
  16. Samferdsle
  17. Kommunal bygningsmasse

 

2.5.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i plan- og miljøutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.5.4 Avgjersmynde og delegering

Etter kommunelova § 5-7 kan kommunestyret delegereavgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedtatt dei sjølve skal avgjere
  2. I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal dei innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal sakene innstille til formannskapet
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret.


2.5.5 Innstillingsrett

Utvalet innstiller til kommunestyret i saker innanfor deira arbeidsområde, med mindre anna er fastsett.

2.5.6 Barn og unge sine interesser

Plan- og bygningslova §3-3 stadfestar at kommunestyret skal sørge for å etablere ei særskilt ordning for å ta vare på barn og unge sine interesser i planlegginga.

Kommunedirektøren får fullmakt til å peike ut ein administrativ representant. Dette gjeld mellom anna:

  1. Reguleringsplanar
  2. Kommuneplanen sin arealdel (kommunedelplanar)
  3. Gebyr forskrifter og gebyrsatsar
  4. Ekspropriasjon
  5. Føresetnader for utbyggingsavtalar

 

2.6 Administrasjonsutvalet

Administrasjonsutvalet vert oppretta som eit partsamansett utval etter kommunelova §5-11.

2.6.1 Medlemmer

Administrasjonsutvalet har 9 medlemmer: 5 folkevalde og 4 oppnemnd av dei tilsette. 
Dei folkevalde vert valde av kommunestyret med like mange varamedlemmer.

4 medlemmer med personlege varamedlemmer vert valde av og mellom dei tilsette, gjennom arbeidstakarorganisasjonane som er representert i kommunen.

2.6.2 Arbeidsområde

Administrasjonsutvalet skal handsame overordna saker for Kinn kommune som arbeidsgjevar, for slik å sikre ein god arbeidsgjevarpolitikk.

Utvalet skal sikre at det politiske nivået får direkte informasjon frå arbeidstakar- organisasjonane i saker som går på organisasjon og arbeidsgjevarpolitikk, og som skal vidare til politisk handsaming.

2.6.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i administrasjonsutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.6.4 Avgjersmynde og delegering

Administrasjonsutvalet har ikkje sjølvstendig avgjerdsmynde, men utvalet skal verte høyrde i saker som skal vidare til formannskap og kommunestyre innan arbeidsgjevarfeltet.

2.7 Kontrollutvalet

Kontrollutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova kapittel23 med tilhøyrande forskrifter.

2.7.1 Medlemmer

Kontrollutvalet har 5 medlemmer.
Val av medlemmer skjer etter forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar.

2.7.2 Arbeidsområde

Kontrollutvalet skal sørge for at følgjande oppgåver vert utført, jamfør kommunelova § 23-2:

  1. Sjå til at kommunen sitt rekneskap vert revidert på ein trygg måte
  2. Føre kontroll med at den økonomiske forvaltninga er i samsvar med gjeldande føresegner og vedtak
  3. Sørge for at det vert gjennomført forvaltningsrevisjon av kommunen si verksemd, og av selskap kommunen har eigarinteresser i
  4. Sørge for kontroll med forvaltninga av kommunen sine eigarinteresser i selskap og liknande (eigarskapskontroll)
  5. Sjå til at kommunestyret sine vedtak om revisjonsrapportar vert følgde opp
     

Kontrollutvalet skal, innan utgangen av året etter nytt utval er på plass, legge fram plan for forvaltningsrevisjon og plan for eigarskapskontroll til kommunestyret. Det er kommunestyret som vedtek desse planane.

Det er berre kommunestyret som kan pålegge kontrollutvalet oppgåver utanom dei oppgåvene som er lovfesta.

Kontrollutvalet skal rapportere resultatet av arbeidet sitt til kommunestyret. Kontrollutvalet skal vedta årsmelding for eiga verksemd.

Kontrollutvalet har eige reglement.

2.7.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i Kontrollutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ, samt Kontrollutvalet sitt eige reglement.

2.8 Klagenemnda

Klagenemnda vert oppretta med heimel kommunelova §5-7

2.8.1 Medlemmer

Utvalet har 5 medlemmer. Kommunestyret vel medlem frå plan- og miljøutvalet. Kommunestyret skal velje leiar og nestleiar.

2.8.2 Arbeidsområde

Klagenemnda si oppgåve vil vera å sjå til at påklaga enkeltvedtak er handsama og har fått avgjerd etter lover, forskrifter og retningsliner innan desse områda:

  1. Konsesjonslova
  2. Eigarseksjonslova
  3. Matrikkellova
  4. Grannelova
  5. Forureiningslova
  6. Veglova
  7. Vegtrafikklova
  8. Brann og eksplosjonsvernlova
  9. Lakse- og innlandsfisklova
  10. Jordlova
  11. Odelslova
  12. Skogbrukslova
  13. Friluftslova
  14. Viltlova
  15. Folkehelselova
  16. Samferdsle


Klagenemnda si prøving av forvaltningsskjønn må i kvar sak utøvast i samsvar med gjeldande lover og regelverk.

2.8.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i Klagenemnda skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.8.4 Avgjerdsmynde og delegering

Etter kommunelova § 5-7 kan kommunestyret delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedtatt dei sjølve skal avgjere
  2. I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal dei innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal dei innstille til formannskapet
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakenetil kommunestyret.

 

2.9 Gruppeleiarutvalet 

Gruppeleiarutvalet er oppretta med heimel i kommunelova §5-1,punkt g.

2.9.1 Medlemmer

Gruppeleiarutvalet er samansett av leiarane for dei politiske partigruppene i kommunestyret. Dersom ein har kommunestyrerepresentantar som har meldt seg ut av det politiske partiet dei vart valde inn for, skal ein oppmode til å velje ein representant for utmelde medlemmer. Gruppa vel sjølve leiar, med atterhald om at leiaren skal veljast frå anna parti enn ordførar.

2.9.2 Arbeidsområde

Gruppeleiarutvalet fungerer som valnemnd, og har innstillingsrett i valsaker. Leiar kallar inn til møte når ordførar eller eit av medlemmane ber om det.

2.9.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i gruppeleiarutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.10 Rådgivande utval

Kinn kommune har tre rådgivande utval etter kommunelova §5-12

  1. Eldrerådet
  2. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  3. Ungdommens kommunestyre

 

2.10.1 Eldrerådet

Eldrerådet er oppretta med heimel i kommunelova § 5-12 og forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre.

2.10.1.1 Medlemmer 

Eldrerådet har 5 medlemmer.

Kommunestyret vel medlemmer og personlege varamedlemmer; 2 medlemmer frå kommunestyret, 3 medlemmer er alderspensjonistar frå kommunen.

Kommunestyret vel eit samla råd for den kommunale valperioden.

2.10.1.2 Ansvarsområde

Eldrerådet skal bidra til at eldre i Kinn får open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som gjeld for eldre. Rådet skal arbeide for å betre dei eldre sine levekår på alle felt for å gi eldre ein trygg og innhaldsrik alderdom.

2.10.1.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i eldrerådet skal følge reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ. Representantar for rådet har rett til å komme med innspel i alle politiske organ i saker som gjeld innan rådet sitt arbeidsområde. Rådet skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt i den kommunale sakshandsaminga slik at uttalene kan påverke utfallet i saka.

2.10.2 Kommunalt råd for personar med funksjonsnedsetting

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vert oppretta med heimel i kommunelova § 5- 12.

2.10.2.1 Medlemmer

Rådet skal arbeide for at personar med nedsatt funksjonsevne har 5 medlemmar. Kommunestyret vel medlemmar og personlege varamedlemmar frå lokale interesseorganisasjonar for mennesker med nedsatt funksjonsevne. Leiar og nestleiar skal veljast av medlemmane sjølv.

2.10.2.2 Arbeidsområde

Rådet skal arbeide for at menneske med funksjonsnedsetting vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker. Rådet gir uttale i saker som har med levekår og livskvalitet for menneske med funksjonsnedsetting i Kinn kommune.

2.10.2.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i rådet skal følge reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for saksbehandling i folkevalde organ. Representantar for rådet har rett til å komme med innspel i alle politiske organ i saker som gjeld. Rådet skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt i den kommunale sakshandsaminga slik at uttalene kan påverke utfallet i saka.

2.10.3 Ungdommens kommunestyre

Ungdommens kommunestyre er oppretta med heimel i kommunelova §5-12.

20.10.3.1 Medlemmer

Ungdommens kommunestyre har 15 representantar. Representantane skal kome frå heile kommunen. Ungdom som er eller fyller 13 - 19 år i valåret, og som er busette i kommunen, kan veljast.

10 elevar frå ungdomskular og vidaregåande skular vert fordeltslik: 
Flora vidaregåande skule: 4
Måløy vidaregåande skule: 3
Florø ungdomsskule: 3
Måløy ungdomsskule: 3
Eikefjord skule: 2

5 representantar skal veljast politisk eller uavhengig etter eigne lister, og vert valde etter same reglar som for kommuneval.

Ungdommen sitt kommunestyre vel sjølv ordførar og varaordførar.

2.10.3.2 Arbeidsområde

Ungdommens kommunestyre skal samarbeide for å sikre brei, open og tilgjengeleg medverknad for ungdom i Kinn kommune.

Ungdommens kommunestyre skal ha ei aktiv og sjølvstendig rolle der dei:

  1. arbeider for ungdom sine interesser og taler deira sak i kommunen
  2. stimulerer til samfunnsengasjement, medverknad og deltaking blant ungdom
  3. byggjer bruer mellom ungdomen og det politiske miljøet
  4. er eit rådgjevande organ i saker som vedkjem barn og ungdom
  5. er eit debattforum for ungdom


Ungdommens kommunestyre skal gi opplæring i demokratisk arbeid og påverknad, og slik gje representantane høve til å påverke både eigne og andre unge sine levekår. Det er eit eige mål å ha betre sakshandsaming og betre grunnlag for vedtak i politiske saker som gjeld unge.

2.10.3.3 Sakshandsaming

Møtereglementet for Kinn kommune gjeld for møta i ungdommens kommunestyre.

Ordførar for uingdommens kommunestyre kallar i samarbeid med kommunedirektøren og politisk sekretariat inn til møta med høveleg varsel. Saman med innkallinga vert det sendt sakliste og saksdokument.

Ordførar for ungdommens kommunestyre er møteleiar. 
Ved forfall leiar varaordføraren møtet. Dersom begge har forfall vert det vald møteleiar mellom ungdommens kommunestyre sine møtand erepresentantar.

Ordførar, kommunedirektør, kommunalsjefar, kultursjef, og ungdomsleiar har møterett i ungdommens kommunestyre. Andre kan få møterett etter særskild avtale.

Representantar for ungdommens kommunestyre har møte- og talerett i alle politiske organ som handsamar saker som gjeld ungdom. Ungdommens kommunestyre kan stille med to representantar i slike møteorgan.

Ungdommens kommunestyre kan ta opp alle saker som Kinn kommunestyre ønskjer å uttale seg om, saker som er til handsaming i andre politiske organ, eller andre aktuelle saker.

2.10.3.4 Avgjerdsmynde og delegering

Etter kommunelova § 5-7 kan kommunestyret delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

  1. Ungdommens kommunestyre fordeler sjølv eigne midlar avsett på budsjett til elevråd, organisasjonar, grupper og enkeltpersonar. Ein del av midlane kan nyttast til tiltak som ungdommens kommunestyre sjølve ønskjer å sette i gang, til dømes kulturtiltak, arrangement, treff, og liknande
  2. Ungdommens kommunestyre vel utsendingar til eventuelle Ungdommens fylkesting
  3. Ungdommens kommunestyre vel 2 representantar med vararepresentantar til kvart av dei politiske utvala der Ungdommens kommunestyre har møte- og talerett.

 

2.11 Medverknad frå grendelaga

Ordførar, varaordførar, eller den som ordførar har oppnemnd skal gjennomføre minst 2 møter i året med grendelaga i kommunen.