3 Del 3: Ordføraren
3.1 Oppgåver, ansvar og mynde
Ordførar sine oppgåver går fram av kommunelova §6-1.
Ordførar har ansvar for å fordele saker mellom dei ulike utvala slik at saker kjem til handsaming i rette organ etter kommunelova og vedteken ordning i Kinn kommune.
I tillegg til å leie møta i kommunestyret og formannskapet, er ordførar kommunen sin rettslege representant og underskriv på kommunen sin vegne der mynde ikkje er gitt andre.
Dokument som bind kommunen økonomisk eller rettsleg, skal vere godkjende av formannskap eller kommunestyret.