Politisk organisering og delegering

2 Del 2: Politiske organ - medlemmer, arbeidsområde, sakshandsaming og delegering

2.1 Kommunestyret

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ etter kommunelova §5-3, og treff vedtak så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegeringsvedtak.

2.1.1 Medlemmer

Kommunestyret har 39 medlemmer.

Desse vert valde ved folkerøysting kvart 4. år.

2.1.2 Arbeidsområde

Kommunestyret sine oppgåver følgjer av kommunelova og anna lovverk.

Kommunestyret kan ta opp saker etter eiga vurdering dersom det ikkje er i strid med lov og overordna regelverk.

Kommunestyret kan handsame saker sjølv, eller overlate det til andre organ etter reglar i lov og delegeringsvedtak.

Kommunestyret har det øvste ansvaret for å kontrollere kommunen si verksemd. Kommunestyret kan krevje at ei kvar sak skal leggjast fram til orientering eller avgjerd, jamfør § 22-1 i kommunelova. Kommunestyret kan gjere om vedtak som er gjort av andre folkevalde organ eller administrasjonen, dersom dei sjølve kunne ha fatta vedtaket.

2.1.3 Sakshandsaming

Alle saker som vert lagde fram for kommunestyret skal ha ei innstilling frå formannskapet eller utval oppretta av kommunestyret.

Eldrerådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdommens kommunestyre har rett til å kome med uttale og tilråding til kommunestyret i saker som gjeld høvesvis eldre, menneske med nedsett funksjonsevne og ungdom.

Vedtak frå rådsmøte skal følgje saksdokumenta til kommunestyret.

Kontrollutvalet innstiller til kommunestyret ved val av sekretariat, revisor og revisjonsordning, og når kommunen sitt rekneskap og budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet i kommunen vert lagt fram.

Kontrollutvalet kjem òg med innstilling til kommunestyret i saker om forvaltningsrevisjon (§ 23-3), eigarskapskontroll (§ 23-4) og elles i saker der kontrollutvalet utøver funksjonen som kontroll- og tilsynsmynde på vegne av kommunestyret.

Kontrollutvalet sin leiar, eller avløysar for denne, har møte- og talerett i kommunestyret når utvalet sine saker vert behandla. Kontrollutvalet rapporterer til kommunestyret, jamfør kommunelova § 23-5.

Saksbehandlinga i kommunestyret skal elles følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for saksbehandling i folkevalde organ.

2.2 Formannskapet

Formannskapet vert oppretta med heimel i kommunelova §5-6.

2.2.1 Medlemmer

Formannskapet har 11 medlemmer.

Medlemmer og varamedlemmer er valde av kommunestyret.

Representant for ungdommens kommunestyre har rett til å gje innspel.

2.2.2 Arbeidsområde

Formannskapet har ansvaret for den overordna økonomiske planlegginga i Kinn kommune og skal utarbeide årsbudsjett og økonomiplan. Formannskapet har òg ansvaret for økonomiske strategiar, reglement og liknande for den økonomiske forvaltninga i kommunen.

Utanom ansvar og plikter som er pålagde formannskapet etter kommunelova, har formannskapet følgjande ansvarsområde og gjeremål

  1. Interkommunalt samarbeid og kontakt på tvers av sektorane.
  2. Overordna leiing og samordning av den kommunale verksemda.
  3. Kommuneplanlegging.
  4. Sivilt beredskap.
  5. Andre saker som naturleg ikkje høyrer under hovudutvala sine ansvarsområde.
  6. Delegere mynde til kommunedirektøren etter reglene i § 13-1 i kommunelova.
  7. Opprette komitear, ad hoc-utval og underutval innafor utvalet sitt arbeidsområde.
  8. Næringssaker og næringsutvikling.
  9. Samferdselssaker (til formannskap eller plan- og miljøutvalet).

2.2.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i formannskapet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.2.4 Avgjerdsmynde og delegering

Formannskapet avgjer alle saker som ikkje vert avgjort av kommunestyret, og i saker som ikkje vert avgjort i andre organ etter lov eller delegert mynde.

Dette gjeld òg fråsegner og tilrådingar til KS, fylkeskommunale og statlege organ med fleire.

Formannskapet kan gjere vedtak i hastesaker som skulle ha vore oppe i kommunestyret eller anna kommunalt utval, når det er nødvendig at vedtak vert gjort så raskt at det ikkje er tid til å kalle inn kommunestyret eller anna utval til møte, jamfør kommunelova § 11-8 første ledd. Vedtak som vert gjort med heimel i denne fullmakta skal refererast for kommunestyret eller utvalet i deira neste møte.

Formannskapet kan avgjere søknad om fritak frå val, gje forslag til val etter domstollova og oppnemne medlemmer til røystestyre etter vallova.

Formannskapet kan avgjere saker etter tvistelova og gje fritak for eigedomsskatt for bustadeigedommar etter eigedomsskattelova.

2.2.5 Innstillingsrett til kommunestyret

Formannskapet innstiller til kommunestyret i følgjande saker

  1. økonomiplan og årsbudsjett i samsvar med § 14-3 i kommunelova.
  2. periodiske endringar/justeringar av økonomiplan/årsbudsjett.
  3. endringar og justeringar i økonomiplan, og årsbudsjett i samsvar med Kinn kommune sitt økonomireglement.
  4. rapportering, rekneskap, årsmelding og årsrapport i samsvar med Kinn kommune sitt økonomireglement.
  5. alle andre saker som kommunestyret eller ordføraren ikkje har bestemt skal gå direkte frå hovudutvala.

2.3 Finansutvalet

Finansutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova § 5-7.

2.3.1 Medlemmer

Finansutvalet har personsamanfall med formannskapet. Leiarar av hovudutval og gruppeleiarar som ikkje har representasjon i formannskapet er konsultative medlemmer i finansutvalet.
Møta i finansutvalet leggast på same dagar som formannskapet, og løyser ikkje ut godtgjersle utover godtgjersla ein allereie har som medlem i formannskap, leiar av hovudutval eller gruppeleiar.

2.3.2 Arbeidsområde

Finansutvalet skal stå for arbeidet med utarbeiding av framlegg til årsbudsjett og økonomiplan.

Finansutvalet skal holdast løpande oppdatert om den økonomiske utviklinga i kommunen gjennom året.

Kommunedirektøren skal løpande rapportere om alle finansielle endringar som påverkar kommande budsjett- og økonomiplanrammer.

2.3.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i finansutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.3.4 Avgjerdsmynde og delegering

Finansutvalet legger overordna økonomiske rammer for tenesteområda tidleg på året.

Finansutvalet tek løpande stilling til tiltak som fører til auke eller reduksjon i kostnadsbehovet på tenesteområda. Tiltak som medfører endringar i årets budsjett må handsamast av kommunestyret i samband med tertialrapportar eller revidering av budsjett.

Vedtaka i finansutvalet skal danne grunnlag for det endelege årsbudsjettet og økonomiplanen.

Kommunedirektøren skal rapportere løpande til finansutvalet om alle tiltak som påverkar budsjettrammene på dei enkelte tenesteområda.

Kommunedirektøren skal legge fram notat/arbeidsdokument om den økonomiske utviklinga i kommunen til finansutvalet minst 5 ganger pr år, 3 på våren, og 2 på hausten før endeleg budsjettframlegg.

2.3.5 Innstillingsrett

Finansutvalet innstiller til formannskapet i følgjande saker:

  1. overordna økonomiske rammer for tenesteområda
  2. tiltak som fører til auke eller reduksjon i kostnadsbehovet på tenesteområda

2.4 Oppvekst- og kulturutvalet

Oppvekst og kulturutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova §5-7.

2.4.1 Medlemmer

Utvalet har 9 medlemmer.

Medlemmer og varamedlemmer er valde av kommunestyret.

Frå kvar liste vert det vald det same tal varamedlemmer som medlemmer, samt 2 i tillegg. 

Kommunestyret skal velje leiar og nestleiar i utvalet. 

2.4.2 Arbeidsområde

Utvalet har følgjande arbeidsområde:

  1. Barnevern
  2. Barnehage
  3. Grunnskule
  4. Kulturskule
  5. Kultur
  6. Vaksenopplæring
  7. Flyktningar og integrering (i samarbeid med kommunale føretak)
  8. Idrett

Oppvekst- og kulturutvalet skal handsame kommunedelplanar og fagplanar som høyrer til fagområdet sitt.

2.4.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i oppvekst- og kulturutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.4.4 Avgjerdsmynde og delegering

Kommunestyret kan delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølve handsamar etter lov, eller der kommunestyret har vedteke dei sjølve skal avgjere.
  2. Saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal innstillast til kommunestyret.  Om sakene har økonomiske konsekvensar skal dei innstillast til formannskapet.
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret.

Oppvekst- og kulturutvalet har avgjerdsmynde i desse sakene:

  1. Fastsette reglement for folkebiblioteket.
  2. Gje løyve og fastsette vilkår for løyve til framsyning av film i næring.
  3. Vedta skrivemåten av namn på kommunale vegar, parkar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg og liknande.

2.4.5 Innstillingsrett

Utvalet innstiller til kommunestyret i saker innanfor deira arbeidsområde, med mindre anna er fastsett. 

Dette gjeld mellom anna:

  1. Fastsette forskrift om undervisningstid utover sentrale forskrifter.
  2. Fastsette forskrift om skule- og feriedagar i skuleåret.
  3. Fastsette forskrift om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skulane.
  4. Fastsette felles ordensreglement for grunnskule.
  5. Fastsette vedtekter, forskrifter og betalingssatsar.

2.5 Helse-, sosial- og omsorgsutvalet

Helse-, sosial- og omsorgsutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova §5-7.

2.5.1 Medlemmer

Utvalet har 9 medlemmer. Medlemmer og varamedlemmer er valde av kommunestyret. Frå kvar liste vert det vald det same tal varamedlemmer som medlemmer, samt 2 i tillegg. Kommunestyret skal velje leiar og nestleiar i utvalet. 

2.5.2 Arbeidsområde

  1. Helse, velferd og omsorgstenestene
  2. Sosiale tenester i velferdsforvaltinga
  3. Bustadsosiale oppgåver

2.5.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i helse-, sosial- og omsorgsutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.5.4 Avgjerdsmynde og delegering

Kommunestyret kan delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

d. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølve handsamar etter lov, eller der kommunestyret har vedteke dei sjølve skal avgjere.

e. Saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal innstillast til kommunestyret.  Om sakene har økonomiske konsekvensar skal dei innstillast til formannskapet.

f.Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret.

2.5.5 Innstillingsrett

 Utvalet innstiller til kommunestyret i saker innanfor deira arbeidsområde, med mindre anna er fastsett. 

Dette gjeld mellom anna:

  1. Løyve og skjenketider etter alkohollova
  2. Fastsette vedtekter, forskrifter og betalingssatsar

2.6 Plan- og miljøutvalet

Plan- og miljøutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova §5-7.

2.6.1 Medlemmer

Utvalet har 9 medlemmer.

Medlemmer og varamedlemmer er valde av kommunestyret.

Frå kvar liste vert det vald det same tal varamedlemmer som medlemmer, samt 2 i tillegg. 

Kommunestyret skal velje leiar og nestleiar i utvalet. 

2.6.2 Arbeidsområde

Utvalet har følgjande arbeidsområde:

  1. Konsesjonslova
  2. Eigarseksjonslova
  3. Matrikkellova
  4. Grannelova
  5. Forureiningslova
  6. Veglova
  7. Vegtrafikklova
  8. Brann og eksplosjonsvernlova
  9. Lakse- og innlandsfisklova
  10. Jordlova
  11. Odelslova
  12. Skogbrukslova
  13. Friluftslova
  14. Viltlova
  15. Folkehelselova
  16. Samferdsle
  17. Kommunal bygningsmasse 

2.6.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i plan- og miljøutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ. 

2.6.4  Avgjerdsmynde og delegering

Etter kommunelova § 5-7 kan kommunestyret delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedtatt dei sjølve skal avgjere
  2. I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal dei innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal dei innstille til formannskapet
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret.

2.6.5 Innstillingsrett

Utvalet innstiller til kommunestyret i saker innanfor deira arbeidsområde, med mindre anna er fastsett.

2.6.6  Barn og unge sine interesser

Plan- og bygningslova §3-3 stadfestar at kommunestyret skal sørge for å etablere ei særskild ordning for å ta vare på barn og unge sine interesser i planlegginga.

Kommunedirektøren får fullmakt til å peike ut ein administrativ representant.
Dette gjeld mellom anna:

  1. Reguleringsplanar
  2. Kommuneplanen sin arealdel (kommunedelplanar)
  3. Gebyrforskrifter og gebyrsatsar
  4. Ekspropriasjon
  5. Føresetnader for utbyggingsavtala

2.7 Administrasjonsutvalet

Administrasjonsutvalet vert oppretta som eit partsamansett utval etter kommunelova §5-11.

2.7.1 Medlemmer

Administrasjonsutvalet har 9 medlemmer: 5 folkevalde og 4 oppnemnd av dei tilsette.

Dei folkevalde vert valde av kommunestyret med like mange varamedlemmer. 

4 medlemmer med personlege varamedlemmer vert valde av og mellom dei tilsette, gjennom arbeidstakarorganisasjonane som er representert i kommunen.

2.7.2 Arbeidsområde

Administrasjonsutvalet skal handsame overordna saker for Kinn kommune som arbeidsgjevar, for slik å sikre ein god arbeidsgjevarpolitikk.

Utvalet skal sikre at det politiske nivået får direkte informasjon frå arbeidstakar-organisasjonane i saker som går på organisasjon og arbeidsgjevarpolitikk, og som skal vidare til politisk handsaming. 

2.7.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i administrasjonsutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.  

2.7.4 Avgjerdsmynde og delegering

Administrasjonsutvalet har ikkje sjølvstendig avgjerdsmynde, men utvalet skal vert høyrde i saker som skal vidare til formannskap og kommunestyre innan arbeidsgjevarfeltet. 

2.8 Kontrollutvalet

Kontrollutvalet vert oppretta med heimel i kommunelova kapittel 23 med tilhøyrande forskrifter.

2.8.1 Medlemmer

Kontrollutvalet har 5 medlemmer.

Val av medlemmer skjer etter forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar.

2.8.2 Arbeidsområde

Kontrollutvalet skal sørge for at følgjande oppgåver vert utført, jf. kommunelova § 23-2:

  1. Sjå til at kommunen sin rekneskap vert revidert på ein trygg måte
  2. Føre kontroll med at den økonomiske forvaltninga er i samsvar med gjeldande føresegner og vedtak
  3. Sørge for at det vert gjennomført forvaltningsrevisjon av kommunen si verksemd, og av selskap kommunen har eigarinteresser i
  4. Sørge for kontroll med forvaltninga av kommunen sine eigarinteresser i selskap og liknande (eigarskapskontroll)
  5. Sjå til at kommunestyret sine vedtak om revisjonsrapportar vert følgde opp

Kontrollutvalet skal, innan utgangen av året etter nytt utval er på plass, legge fram plan for forvaltningsrevisjon og plan for eigarskapskontroll til kommunestyret. Det er kommunestyret som vedtek desse planane.

Det er berre kommunestyret som kan pålegge kontrollutvalet oppgåver utanom dei oppgåvene som er lovfesta.

Kontrollutvalet skal rapportere resultatet av arbeidet sitt til kommunestyret.

Kontrollutvalet skal vedta årsmelding for eiga verksemd.

Kontrollutvalet har eige reglement.

2.8.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i kontrollutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ, samt kontrollutvalet sitt eige reglement.

2.9 Klagenemnda 

Klagenemnda vert oppretta med heimel i kommunelova §5-7.

2.9.1 Medlemmer

Nemnda har 5 medlemmer.

Kommunestyret vel medlemmer frå plan- og miljøutvalet.

Kommunestyret skal velje leiar og nestleiar.

2.9.2 Arbeidsområde

Klagenemnda si oppgåve vil vere å sjå til at påklaga enkeltvedtak er handsama og har fått avgjerd etter lover, forskrifter og retningslinjer innan desse områda:

  1. Konsesjonslova
  2. Eigarseksjonslova
  3. Matrikkellova
  4. Grannelova
  5. Forureiningslova
  6. Veglova
  7. Vegtrafikklova
  8. Brann og eksplosjonsvernlova
  9. Lakse- og innlandsfisklova
  10. Jordlova
  11. Odelslova
  12. Skogbrukslova
  13. Friluftslova
  14. Viltlova
  15. Folkehelselova
  16. Samferdsle 

Klagenemnda si prøving av forvaltningsskjønn må i kvar sak utøvast i samsvar med gjeldande lover og regelverk.

2.9.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i Klagenemnda skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.9.4 Avgjerdsmynde og delegering

Etter kommunelova § 5-7 kan kommunestyret delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov:

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedtatt dei sjølve skal avgjere.
  2. I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere, skal dei innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal dei innstille til formannskapet.
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret.

2.10 Gruppeleiarutvalet

Gruppeleiarutvalet er oppretta med heimel i kommunelova §5-1, punkt g.

2.10.1 Medlemmer

Gruppeleiarutvalet er samansett av leiarane for dei politiske partigruppene i kommunestyret. Dersom ein har kommunestyrerepresentantar som har meldt seg ut av det politiske partiet dei vart valde inn for, skal ein oppmode til å velje ein representant for utmelde medlemmer. Gruppa vel sjølve leiar, med atterhald om at leiaren skal veljast frå anna parti enn ordførar.

2.10.2 Arbeidsområde

Gruppeleiarutvalet fungerer som valnemnd, og har innstillingsrett i valsaker.

Leiar kallar inn til møte når ordførar eller eit av medlemmane ber om det.

2.10.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i gruppeleiarutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ.

2.11 Rådgjevande utval

Kinn kommune har tre rådgjevande utval etter kommunelova §5-12 

  1. Eldrerådet
  2. Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  3. Ungdommens kommunestyre

2.11.1 Eldrerådet

Eldrerådet er oppretta med heimel i kommunelova § 5-12 og forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre.

2.11.1.1 Medlemmer

Eldrerådet har 5 medlemmer. 

Kommunestyret vel medlemmer og personlege varamedlemmer. 

Fleirtalet i rådet må minst ha fylt 60 år på valtidspunktet. Minst 3 medlemmer og deira varamedlemmer skal, så langt praktisk mogeleg, veljast blant innkomne forslag frå pensjonistlag og eldresamanslutningar i kommunen. 
Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.

2.11.1.2 Ansvarsområde

Eldrerådet skal bidra til at eldre i Kinn får open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som gjeld for eldre. Rådet skal arbeide for å betre dei eldre sine levekår på alle felt for å gi eldre ein trygg og innhaldsrik alderdom. 

2.11.1.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i eldrerådet skal følge reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for sakshandsaming i folkevalde organ. Representantar for rådet har rett til å komme med innspel i alle politiske organ i saker som gjeld innan rådet sitt arbeidsområde. Rådet skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt i den kommunale sakshandsaminga slik at uttalene kan påverke utfallet i saka.

Observatørar - ordning fom. mars 2024 – mai 2025 (K-sak 040/24):

Det vert innført ei ordning der ein representant for råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ein representant frå eldrerådet, får møte- og talerett i dei 3 hovudutvala, helse-, sosial og omsorgsutvalet, oppvekst- og kulturutvalet og plan- og miljøutvalet. Det vert understreka at denne retten avgrensar seg til råda sine saksområde. Råda peikar sjølve ut kven som skal representere dei. 

Ordninga er ei prøveordning som skal evaluerast i løpet av våren 2025. Kommunestyret tek då stilling til om dette skal vere ei permanent ordning.

2.11.2 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne vert oppretta med heimel i kommunelova § 5- 12, og Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom.

2.11.2.1 Medlemmer

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har 5 medlemmer. 
Kommunestyret vel medlemmer og personlege varamedlemmer. 
Minst 3 medlemmer og deira varamedlemmer skal, så langt praktisk mogeleg, veljast blant innkomne forslag frå lokale interesseorganisasjonar for menneske med nedsett funksjonsevne.
Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.

2.11.2.2 Arbeidsområde 

Rådet skal arbeide for at menneske med nedsett funksjonsevne vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker.

Rådet gir uttale i saker som har med levekår og livskvalitet for menneske med nedsett funksjonsevne i Kinn kommune.

2.11.2.3 Sakshandsaming

Sakshandsaming i råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal følge reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for saksbehandling i folkevalde organ.

Representantar for rådet har rett til å komme med innspel i alle politiske organ i saker som gjeld innan rådet sitt arbeidsområde

Rådet skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt i den kommunale sakshandsaminga slik at uttalene kan påverke utfallet i saka.

2.11.2.4 Observatørar

Observatørar – Ordning fom mars 2024 – mai 2025 (K-sak 040/24):

Det vert innført ei ordning der ein representant for råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ein representant frå eldrerådet, får møte- og talerett i dei 3 hovudutvala, helse-, sosial og omsorgsutvalet, oppvekst- og kulturutvalet og plan- og miljøutvalet. Det vert understreka at denne retten avgrensar seg til råda sine saksområde. Råda peikar sjølve ut kven som skal representere dei. 

Ordninga er ei prøveordning som skal evaluerast i løpet av våren 2025. Kommunestyret tek då stilling til om dette skal vere ei permanent ordning.

2.11.3 Ungdommens kommunestyre

Ungdommens kommunestyre er oppretta med heimel i kommunelova §5-12.

2.11.3.1 Medlemmer

Ungdommens kommunestyre har 15 representantar som vert valde med ei funksjonstid på 2 år.
Representantane skal kome frå heile kommunen.  
Ungdom som er eller fyller 13 - 19 år i valåret, og som er busette i kommunen, kan veljast.

10 elevar frå ungdomskular og vidaregåande skular vert fordelt slik:

  • Flora vidaregåande skule: 2
  • Måløy vidaregåande skule: 2
  • Florø ungdomsskule: 2
  • Måløy ungdomsskule: 2
  • Eikefjord skule: 2

5 representantar skal veljast politisk eller uavhengig etter eigne lister, og vert valde etter same reglar som for kommuneval.

Ungdommens kommunestyre vel sjølv ordførar og varaordførar.

2.11.3.2 Arbeidsområde

Ungdommens kommunestyre skal samarbeide for å sikre brei, open og tilgjengeleg medverknad for ungdom i Kinn kommune.

Ungdommens kommunestyre skal ha ei aktiv og sjølvstendig rolle der dei:

  1. Arbeider for ungdom sine interesser og talar deira sak i kommunen
  2. Stimulerer til samfunnsengasjement, medverknad og deltaking blant ungdom
  3. Byggjer bruer mellom ungdomen og det politiske miljøet
  4. Er eit rådgjevande organ i saker som vedkjem born og ungdom
  5. Er eit debattforum for ungdom

Ungdommens kommunestyre skal gje opplæring i demokratisk arbeid og påverknad,  og slik gje representantane høve til å påverke både eigne og andre unge sine levekår. 

Det er eit eige mål å ha betre sakshandsaming og betre grunnlag for vedtak i politiske saker som gjeld unge.

2.11.3.3 Sakshandsaming

Møtereglementet for Kinn kommune gjeld for møta i ungdommens kommunestyre. 

Ordførar for ungdommens kommunestyre kallar i samarbeid med kommunedirektør og politisk sekretariat inn til møta med høveleg varsel. Saman med innkallinga vert det sendt sakliste og saksdokument. 

Ordførar for ungdommens kommunestyre er møteleiar.

Ved forfall leiar varaordføraren møtet. Dersom begge har forfall vert det vald møteleiar mellom ungdommens kommunestyre sine møtande representantar. 

Ordførar, kommunedirektør, kommunalsjefar, kultursjef, og ungdomsleiar har møterett i ungdommens kommunestyre. Andre kan få møterett etter særskild avtale.

Representantar for ungdommens kommunestyre har møte- og talerett i alle politiske organ som handsamar saker som gjeld ungdom. Ungdommens kommunestyre kan stille med to representantar i slike møteorgan.

Ungdommens kommunestyre kan ta opp alle saker som Kinn kommunestyre ønskjer å uttale seg om, saker som er til handsaming i andre politiske organ, eller andre aktuelle saker.

2.11.3.4 Avgjerdsmynde og delegering 

Etter kommunelova § 5-7 kan kommunestyret delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

  1. Ungdommens kommunestyre fordeler sjølv eigne midlar avsett på budsjett til elevråd, organisasjonar, grupper og enkeltpersonar.  Ein del av midlane kan nyttast til tiltak som ungdommens kommunestyre sjølve ønskjer å sette i gang, til dømes kulturtiltak, arrangement, treff, og liknande 
  2. Ungdommens kommunestyre vel utsendingar til eventuelle ungdommens fylkesting
  3. Ungdommens kommunestyre vel 2 representantar med vararepresentantar til kvart av dei politiske utvala der ungdommens kommunestyre har møte- og talerett.

2.12 Medverknad frå grendelaga

Ordførar, varaordførar, eller den som ordførar har oppnemnd skal gjennomføre minst 2 møter i året med grendelaga i kommunen.