1 Del 1: Prinsipp for politisk organisering
1.1 Politisk organisering og delegering
1.1.1 Kinn kommune sine folkevalde organ etter kommunelova §5-1, §5-6, §5-7, og §23-1
- Kommunestyret
- Formannskapet
- Finansutvalet
- Oppvekst- og kulturutvalet
- Helse-, sosial- og omsorgsutvalet
- Plan- og miljøutvalet
- Klagenemnda
- Kontrollutvalet
1.1.2 Kinn kommune sine rådorgan etter kommunelova §5-12
- Eldrerådet
- Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
- Ungdommens kommunestyre
1.1.3 Kinn kommune sitt partsamansette utval etter kommunelova §5-11
Administrasjonsutvalet.
1.1.4 Kinn kommune sitt arbeidsutval etter kommunelova § 5-1, punkt g.
Gruppeleiarutvalet er formalisert som eit arbeidsutval.
1.1.5 Kommunale føretak
Reglement og arbeidsområde for kommunale føretak er utarbeidd i eige dokument.
1.2 Delegering
Kommunestyret er det øvste kommunale organet.
Dette organet treff vedtak på kommunen sine vegner, så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegeringsvedtak.
Kommunestyret kan delegere myndet til andre politiske organ eller til kommunedirektøren, jamfør kommunelova § 5-3.
Tilsvarande kan andre politiske organ òg delegere til kommunedirektøren.
Delegert mynde skal utøvast i samsvar med kommunestyret sin intensjon.
All delegert mynde må brukast i samsvar med lover, forskrifter og retningsliner gjeve av overordna organ, og innanfor godkjende budsjettrammer og føresetnader.
1.2.1 Overføring av mynde
Delegering betyr overføring av mynde frå eit organ til eit anna. Den ein delegerer til, kan treffe avgjerder innan vedtaket sine rammer på vegne av den som delegerer.
Delegering av mynde inneber ikkje at det organet som delegerer gjev frå seg ansvar eller mynde på området avgjersla vedkjem.
1.2.2 Avgjerder som høyrer kommunestyret til
Kommunestyret skal sjølve handsame:
- vedtak av kommunale føreskrifter
- folkevald organisering
- kommuneplan
- kommunedelplanar, budsjett, og økonomiplan
- saker som til ei kvar tid etter kommunelov, særlover og delegeringsreglementet er lagt til kommunestyret sjølv
- tilsetting av kommunedirektør
1.2.3 Avgrensing av delegering
Det er berre saker som ikkje er av prinsipiell karakter som kan bli delegert.
Dersom det er tvil om ein har mynde til å ta ei avgjerd, har organet eller personen det er delegert til plikt til å klargjere dette. Om saka er prinsipiell eller ikkje, kan vere omtala i lov, planer, strategivedtak, eller praksis gjennom vedtak i tilsvarande saker.
For å få innsyn i om praksis følgjer det fleirtalet i kommunestyret kan stille seg bak, kan kommunestyret eller andre politiske organ be om ei orientering om konkrete saker eller saksfelt.
På same vis bør kommunedirektøren fremme ei sak som han i utgangspunktet har mynde til å avgjere, eller på anna vis få greie på kva som er fleirtalet si meining om korleis saka bør handsamast vidare.
1.2.4 Rett delegering
For delegering etter gjeldande lovverk må desse vilkåra vere oppfylte
- Det må vere høve etter lova å delegere vedtaket.
- Delegeringsvedtaket må vere formelt rett.
- Delegeringsvedtaket må vere gjort av eit organ som har mynde til det.
- Delegeringa må skje til eit organ som lova gir høve å delegere til.
- Den som gir fullmakt må vere overordna den som mottar fullmakta.
Folkevalde organ kan ikkje delegere mynde til andre enn kommunedirektøren.
1.2.5 Kontroll og tilbakekalling av delegering
Personen eller organet som delegerer mynde har som nemnt i 1.2.1 framleis ansvar for dei delegerte avgjerslene.
Dei kan tilbakekalle delegert mynde, gje vidare instruksar for handsaminga, eller overprøve det organet dei har gitt mynde til.
Dette gjeld òg delegering frå kommunedirektøren.
1.2.6 Oppdatering av delegeringsreglementet
Den digitale utgåva av delegeringsreglementet skal oppdaterast fortløpande.
Nytt kommunestyre skal handsame reglementet tidleg i valperioden.
I tillegg til kommunestyret sine vedtak om delegeringsreglementet, skal reglementet fortløpande reviderast for endringar i lovverk, organisering, og endra roller i organisasjonen.