Vi vil gjerne vite kva du meiner om viktige tema i samfunnsplanen - denne veka kan du få ein SMS

Denne veka sender vi ut ei spørjeundersøking på SMS til om lag 4000 innbyggarar - kanskje akkurat deg! Årsaka er at vi ønskjer å vite kva du meiner om viktige tema i samfunnsplanen til Kinn kommune. Undersøkinga sendast ut av Sentio Research. 

Samfunnsplanen har fokus på at vi saman skal gjere Kinn til ein endå meir attraktiv kommune. Utfordringa med fleire eldre, færre i arbeidsfør alder og færre barn og unge gjer at omstilling og tiltak for å motverke denne utviklinga er noko vi må fokusere på.

Vi er ein ressursrik kommune og planen vår seier noko om korleis vi tenkjer kring realisering og forvaltning av desse ressursane. Spørjeundersøkinga vi sender ut handlar om samfunnsplanen til kommunen for perioden 2024-2036, som er på høyring ut september. For å lese meir om samfunnsplanen kan du sjå heimesida til samfunnsplanen, som vi har laga (lenke).

Vi håpar du vil svare på spørsmåla - lenke i SMS er trygg

Vi håpar du kan ta deg tid til å svare på spørsmåla. Vi sender ut SMS til om lag 4000 av innbyggarane våre torsdag 5. september, med ei vennleg påminning neste veke. 

Avsendaren er «Kinn Komm» og i SMS'en er det ein invitasjon til å delta i ei spørjeundersøking, med ei lenke til å delta i undersøkinga digitalt, på formatet «https://svar.sentio.no/answer?key=» med 12 tilfeldige teikn bak «=». 

Alle som vert invitert får ei personleg lenke for å delta, slik at ein veit at berre innbyggarar i Kinn kommune skal kunne delta. Dette er kvifor lenka inneheld 12 tilfeldige teikn på slutten. Lenka er trygg å trykke på og sendast ut av Sentio Research på vegner av kommunen. Dei som deltar i undersøkinga haldast anonym overfor kommunen.

Rekruttering til innbyggarpanel på same tid

Undersøkinga vert også brukt til å rekruttere folk til eit innbyggarpanel som skal drøfte samfunnsplanen vidare. For å sikre at dei som deltek i dette panelet representerer breidda i kommunen vår, vil dei som deltek her vere tilfeldig trekt blant innbyggarane. 

Sentio Research står for gjennomføringa av dette prosjektet og vil sikre ei god fordeling av folk etter alder, kjønn, bustadområde, og andre relevante faktorar.

Resultata frå undersøkinga og innbyggarane si evaluering vert publisert på kommunens nettside til slutten av oktober.

Vanlege spørsmål til slike spørjeundersøkingar

Kvifor vart eg ikkje invitert til å delta?

Vi trekk 4000 tilfeldige telefonnummer blant innbyggarane som er folkeregistrert i Kinn kommune, for å få eit representativt utval. Det vil seie at vi trekk folk for å få ei jamn fordeling ut i frå alder og kjønn. Fordelinga mellom aldersgruppene og kjønna skal vere representativ, altså ganske lik, den vi har i Kinn kommune elles. Når ein ikkje har blitt invitert til å delta er det fordi det er eit krav i utarbeidinga av statistikk som dette, at tilfeldigheitene styrer kven som får høve til å delta.

Korleis har dykk fått tak i telefonnummeret mitt?

Telefonnummeret ditt har blitt henta frå registerdata/nummeropplysning, kor dei med bustadadresse i Kinn kommune som er over 18 har vore mogleg å trekke for å delta.

Kvifor vart eg invitert til å delta sjølv om eg har reservert meg mot telefonsal?

Ein har ikkje same moglegheit til å reservere seg mot spørjeundersøkingar og meiningsmålingar som mot telefonsal, då denne spørjeundersøkinga og meiningsmålinga er av ålmen interesse. Sjå Brønnøysundregisteret for meir informasjon om dette.

Eg bur ikkje i Kinn kommune, kan eg likevel delta?

Målgruppa for deltakarar er personar som bur i Kinn kommune. Dersom du er folkeregistrert i Kinn, men likevel ikkje bur i kommunen, kan du sjå bort ifrå spørjeundersøkinga.