Vi inviterer til næringsseminar i Florø 16. februar

Fredag 16. februar inviterer vi til seminar for næringslivet i heile kommunen. Målet for seminaret er å synleggjere den store næringsbredda vi har i kommunen, samt peike på det store potensialet vi har til vidare innovativ, framtidsretta og berekraftig utvikling i åra framover.

For å lukkast med å realisere det potensialet vi har er det viktig at både kommunen og fylkeskommunen er konstruktive støttespelarar, og bidreg med tilrettelegging og rammevilkår. Difor blir også leiar i hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune, Oddmund Klakegg, med på møtet. Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen og kommunalsjef Rolf Bjarne Sund presenterer kommunen sitt arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel.

I samarbeid med næringsorganisasjonane Aksello og Måløy Vekst, har vi invitert heile 20 verksemder til å presentere seg og sitt arbeid med å utvikle framtidsretta arbeidsplassar og berekraftig verdiskaping.

Det er gratis å delta på seminaret, men grunna planlegging av lunsj, må du melde deg på innan onsdag 14. februar om du ønsker å delta. Seminaret vert også strømma direkte frå Florø kulturhus. Følg denne lenka for å følgje med!

Programmet finn du i lenka nedanfor, og påmeldingsskjemaet finn du nedst i artikkelen.