Vi inviterer lag, organisasjonar og grendelag til høyringsmøte om samfunnsplanen

Andre veka i september inviterer vi til høyringsmøte om kommuneplanen sin samfunnsdel (samfunnsplanen). Her kan du som representerer eit frivillig lag, organisasjon eller grendelag melde deg på. Vi arrangerer møte i både Florø og Måløy.

I møtet legg vi opp til presentasjon av planen, og prosessen rundt. Vi håpar på aktiv deltaking og legg opp til gode prosessar i møtet. Alle er sjølvsagt velkomen til å kome med innspel via eiga løysing på heimesida vår.

Velkomen skal de vere!

Tid og stad

  • Møte i Måløy: 9. september, formannskapssalen på rådhuset, kl. 18.00 - 20.30.
  • Møte i Florø: 11. september, Florø kulturhus (festsal), kl. 17.00 - 19.30.

Det blir lett servering til alle som møter.

Påmelding

Bruk dette forms-skjemaet for å melde deg på innan 6. september kl. 12.00:

Meld deg på her