Vasskvaliteten i Kinn er på topp!

Vatn er grunnlaget for alt liv, og tilgang til trygt drikkevatn er ein menneskerett. Reint drikkevatn er ikkje berre avgjerande for helsa vår, men også for økosystem, matproduksjon og økonomisk vekst. Kinn si satsing på reint drikkevatn gjer oss til nokon av dei beste i klassen nasjonalt.

I vår kommune har vi nesten ingen avvik på drikkevatn – det er utelukkande gode målingar. Dette gjer at vi skårar høgt i årets kommunebarometer. Men kva må til for å bevare god kvalitet frå kjelden til springen din? Det skal vi forklare deg her. I tillegg får du litt ekstra innsikt i kva som går føre seg på vatn- og avløpssida i kommunen.

Reinseanlegga våre

Bildet viser maskinrom på reinseanlegget i Botnastranda - Klikk for stort bilete

I Kinn har vi totalt sju vassbehandlingsanlegg. Vi hentar ut råvatn frå overflatekjelder på seks av anlegga våre, og på det siste har vi borebrønn.

Kvaliteten på vasskjelda avgjer kva reinsemetode vi må bruke for å kunne levere hygienisk tilfredsstillande drikkevasskvalitet ut til deg. Under reinsing av råvatn vert partiklar og farge fjerna. I tillegg justerast pH-verdi og bakteriar fjernast.

Vi tek jamleg prøver av både råvatn inn på anlegga, og prøver på ferdigbehandla vatn ut frå anlegga og ute på leidningsnettet. Vatnet blir altså kvalitetssikra i fleire ledd.

Høgdebasseng fungerer som reservoar og syter for stabilt trykk

Bildet viser høgdebassenget i Storåsen i Florø - Klikk for stort bilete

Reintvatn kan leverast direkte ut på nettet og vidare til heimen din, men også til eit av våre mange høgdebasseng. Høgdebassenga fungerer som reservoar og buffertank. I løpet av eit døgn varierer forbruket i samfunnet mykje. For å oppretthalde stabil produksjon på vassbehandlingsanlegga nyttar vi difor høgdebasseng som mottakar av vatn når forbruket er lågare enn kva vi produserer. Når forbruket er større enn produksjonen kan vi tappe av høgdebassenga. Høgdebassenga er også avgjerande ved behov for store uttak av vatn, som til dømes ved brannslokking.

Ein annan viktig funksjon til høgdebasseng er å skape eit passande trykk på vatn som går ut til husstandar og næringverksemder. Trykket på vatn kjem av høgdeforskjellen mellom det nivået høgdebassenget står på i høve til den som skal bruke vatnet.

Nye høgdebasseng i Måløy og Eikefjord

I 2022 sto nytt høgdebasseng klart ved Skramsvatnet vassbehandlingsanlegg. Bassenget har ein kapasitet på 2000 m3 med reintvatn. Vi er svært glade for å få dette bassenget på plass og det betyr ei stor styrking av leveringssikkerheita i Måløy. Leveranse av vatn med passande trykk i Måløy er ekstra krevjande, sidan det er stor høgdeforskjell på bygningsmassen i Måløy sentrum. Dette vert løyst ved at vatnet vert sendt ut på nettet i ulike “trykksoner”.

I løpet av september i år vil nytt vassbehandlingsanlegg og høgdebasseng stå ferdig i Eikefjorden. Leveringssikkerheita i Eikefjorden har over lenger tid vore for dårleg. Det har mellom anna ikkje vore høgdebasseng her tidlegare, og vassbehandlingsanlegget har hatt for liten kapasitet. Vassverket i Eikefjorden har altså vore sårbar driftsmessig, og ved større uttak.

Når nytt vassbehandlingsanlegg og høgdebasseng står klart vil situasjonen styrke seg vesentleg. Betre kapasitet vil også legge grunnlaget for utvikling. Både for private og næringsdrivande.

Vi leverer også vatn til plattformar utanfor Florø

Florø vassverk er den største produsenten av vatn i tidlegare Sogn og Fjordane. Ein viktig årsak til dette er at vi har stor og vasskrevjande industri, både innanfor fiske- og oljebransjen. Florø vassverk leverer også store mengder vatn til supplyskip og vidare til andre installasjonar i Nordsjøen.

Tilbakemeldingar frå Nordsjøen er at vatn som kjem frå Florø er av topp kvalitet.

Reservevasskjelde på Sagafjellet – Keipevatnet

Leidningsrør som førar vatne frå Sagafjellet til Florø - Klikk for stort bilete

Med bakgrunn i at Florø vassverk er eit stort vassverk i vårt område, har Mattilsynet gitt pålegg om at det må etablerast reservevassforsyning. Kinn kommune har fått konsesjon til å nytte Keipevatnet til reservevasskjelde. Oppstart i utbygging av Keipevatnet som reservevasskjelde startar opp hausten 2023 og skal etter framdriftsplanen stå klar til bruk i midten av 2025.

Keipevatnet er ei overflatekjelde som har svært stor kapasitet til å levere råvatn. Vi planlegg for overføringsleidningar med stor nok kapasitet til å oppretthalde normal drift til Florø, dersom hovudvasskjelda på Saga av ein eller anna grunn ikkje kan nyttast.  

Artige fakta i Kinn

  • Vi er 17,9 årsverk tilknytt vass- og avløpssektoren i Kinn kommune.
  • Kinn kommune har totalt eit VA-ledningsnett på om lag 450 000 meter. Noko som tilsvarar om lag 5000 fotballbaner i lengde.
  • Om lag 15 250 innbyggarar (ca. 87% dekning) får levert vatn frå kommunale vassverk. 
  • 10 millionar liter drikkevatn vert levert kvart døgn
  • Kinn eig og driv mellom anna 7 vassverk, 2 høgklasse damanlegg, 50 pumpestasjonar for avløp, 10 trykkaukningsstasjonar, 9 høgdebasseng, ei rekke slamavskiljarar og reinseanlegg og mykje meir

Utfordringsbilde

Fornying, utvikling og forvaltning av det kommunale VA-nettet inkludert tekniske innretningar er eit kontinuerleg arbeid. Sjølv med ei forventa levetid på røyrleidningar på 100 år, må Kinn fornye om lag 4500 meter årleg.

Stadig strengare krav frå offentlege mynde som til dømes Statsforvaltaren, Mattilsynet og Arbeidstilsynet bidrar til å drive kostnadsutviklinga for både vatn og avløp.

Kinn vil få strengare reinsekrav i det kommande avløpsdirektivet frå EU. Vidare er det krav om styrking av overvaking og HMS. Krav om planar for og øving på uforutsette hendingar, kompetanseheving er forutsatt, auking i rapporteringar, krav om naudvatn med meir.

Bemanning innanfor VA er på eit minimum av det som er forsvarleg. Rekruttering til bransjen er ei utfordring på landsbasis. Effektivisering for å kompensere for mindre bemanning betyr naudsynte investeringar i mellom anna SD-anlegg (system for sentral driftskontroll).

Eit lite tal leverandørar på spesialutstyr knytt til VA bidrar til høge kostnadar innan både investering og drift.

Sjekk kvaliteten på vatnet der du bur

Her kan du sjølv sjå målingane vi tar på dei ulike vassverka

Der får du oversikt og data på alle målingar vi tar.