Valresultat for Kinn kommune

Etter opptellinga av alle røystene var ferdige 12.09 kl. 17.00, samla valstyret seg i Florø kulturhus. I møtet godkjente dei valresultatet frå kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Alle parti som stilte med liste til kommunestyrevalet fekk inn representantar, bortsett frå Liberalistane og Konservativt. Det nye kommunestyret har totalt 39 medlem, fordelt på ni parti.

 I valprotokollen for kommunestyrevalet finn du informasjon om korleis valet er gjennomført, korleis opptellinga er gjennomført og resultat over kven som er valt inn i Kinn kommunestyre. 

Valprotokoll for kommunestyrevalet 2023 (PDF, 301 kB)

Du kan også sjå resultatet på valresultat.no

Det nye kommunestyret skal ha sitt konstituerande møte 5. oktober i år. I sitt første møte skal politikarane mellom anna handsame saker om val av ordførar og varaordførar, og medlemmar til formannskapet.

Arbeidarpartiet (8 representantar)

Ola Teigen, Silje Ødegård Standal, Tove Lill Refvik Volle, Tor Åge Gravdal, Ninja Tolo Ness, Anders Ola Sunnarvik, Stine Kråkenes Øvrelid, Doris Christensen.

Senterpartiet (tre representantar)

Jan Arve Midtbø, Sidsel Fænn Kongsvik og Anita Eikevik.

Venstre (3 representantar)

Jacob André Telvik Nødseth, Edvard Johan Iversen og Anne Marit Seljeseth.

Raudt (fire representantar)

Daniel Henriksson, Kjell Oldeide, Geir Oldeide og Hege Chatrine Brandsøy

Industri- og Næringspartiet (to representantar)

Lillian Bratholmen og Jan Gunnar Holvik.

Framstegspartiet (fem representantar)

Frank Willy Pedersen Djuvik, Kjell Bjørn Refvik, Miriam Nesje, Kjell-Magne Kvalheim og Ronny Mobakken.

SV - Sosialistisk Venstreparti (to representantar)

Jon Valur Olafsson og Bente Nilsen.

Høgre (ti representantar)

Bengt Solheim-Olsen, Anett Berg, Mats Brunsvik, Arlene Oddbjørg Vågene, Dagrun Almenning Kvalheim, Håkon Skram Heggen, Morten Andreas Hagen, Ørjan Kvalheim, Bente Olseth og Hanne Eva Husebø Kristensen.

Kristeleg Folkeparti (to representantar)

Gustav Johan Nydal og Aud Norunn Vig.