Torsdag er det kommunestyrekonferanse og møte i kommunestyret

Fram til kl. 13.30 er det kommunestyrekonferanse med innlegg frå KS og oppsummering frå Sentio om borgarundersøkinga som vart utført tidlegare i vår. Etter dette skal kommunestyret handsame vedtakssakene. Her får du ei kort oppsummering av enkelte saker og lenke til direktesending.

Fullstendig sakliste og saksdokument finn du i møteplanen

Interpellasjonar og spørsmål

Det er sendt inn ein interpellasjon kring praktisering av offentlege søkarlister som gjeld spørsmål om eit konkret tilfelle, og generelt om kva rutinar/system ein har for søkarlistene til kommunale stillingar.

I tillegg til interpellasjonen er det sendt inn spørsmål frå kommunestyrerepresentantar som gjeld overføring av lærarressurser og andre funksjonar frå Stavang skule når skulen vert nedlagt, spørsmål om ventetid knytt til handsaming av søknadar om startlån, og eit spørsmål om oppretting av kompetansesenter for fornybar energi.

Fritak frå verv og val av medlemmar til styrer

Kommunestyret skal handsame saker som gjeld fritak frå styrer og verv, knytt til forliksrådet, og val av representantar til KS Fylkesmøte, Stiftinga Svanhild og styret i Bordgleder KF.

Skjenkeløyve til Skjærbuda Restaurant AS

Kinn kommune har motteke søknad om skjenkeløyve til Skjærbuda Restaurant AS på Silda i Måløy. Dei ønskjer å drive pub og restaurant i lokaler kor same verksemd har halde på i fleire år, og søker om løyve til skjenking av alle sortar alkohol.

Sak om mogleg deling av Kinn kommune

13 representantar har underskrive på eit brev der dei ber om at sak om mogleg deling av Kinn kommune vert sett på dagsorden. Denne saka er difor lagt til på saklista til kommunestyret denne dagen.

Du får den beste opplevinga av sendinga ved å sjå kommunestyret direkte i kommuneTV her.