Tilskot frå Husbanken bidrar til kommunen sine klimamål

Bilde av Roger Strømmen, avdelingsleiar for formålsbygg i Florø - Klikk for stort bileteRoger Strømmen, avdelingsleiar for formålsbygg i Florø Kinn kommune

Kinn kommune får tilskot frå Husbanken på 791.980 kr til å installere ny varmepumpe på Florø omsorgssenter. Arbeidet er i gong, og vi planlegg å vere ferdig i løpet av august. 

Tilskot til energitiltak i omsorgsbustader og sjukeheimar

Husbanken har vedteke at Kinn kommune får tilskot til å finansiere delar av kostnadane for å installere ny varmepumpe på Florø omsorgssenter. Tilskotet frå Husbanken dekker 791.980 kr av den estimerte totalsummen på 1.4 millionar kr. 

Det var Roger Strømmen, avdelingsleiar for formålsbygg i Florø, som sendte søknad på vegne av Kinn kommune. 
- Husbanken har ein pott ein kan søke på for å få tilskot til energitiltak i omsorgsbustader og sjukeheimar. Fram til no er det brukt elkjele for å varme opp bygget, men med ny varmepumpe vil vi redusere energiforbruket på oppvarming med ca 60-70 prosent. 

Vil du høyre meir om korleis kommunen jobbar med å redusere energibruken sin?

Visste du at Kinn kommune har som mål å spare inn 30 prosent av energibruken sin, og bli ein null-utsleppskommune innan 2030? Ta ein kikk på vår nye podcastepisode om energi og bygg!

 

Les meir om kommunen sitt arbeid med å redusere energibruken sin