Korleis kan du halvere klimafotavtrykket ditt?
Som innbyggarar har vi ein viktig rolle i å redusere vårt klimafotavtrykk. Ved å ta bevisste val i kvardagen kan vi bidra til ein betydeleg nedgang i utsleppa våre. Korleis kan du halvere ditt eige klimafotavtrykk? Kanskje det inneber å reise meir miljøvennleg, ved å bruke sykkel eller kollektivtransport i staden for bil? og kanskje det handlar om å redusere kjøttforbruket og velje meir plantebasert mat? Tenk gjennom dine eigne vanar og vurder korleis du kan gjere ein forskjell. Hugs også at handlingane dine kan påverke andre i positiv retning,
Kommunen sine eigne tiltak
Kommunane spelar ein sentral rolle i arbeidet med å redusere klimagassutslepp. Korleis kan ein kommune eliminere både direkte og indirekte utslepp? Dette kan innebere å gå over til fornybar energi i kommunale bygg og køyretøy, effektivisere renovasjonsprosessar og redusere avfallsmengda. Men kva med dei resterande utsleppa? Kan ein kommune kompensere for desse? Kanskje ved å støtte opp om prosjekt som binder karbon, som naturkonservering, skogplanting eller bruk av karbonfangstteknologi. Kommunen sjølv har ein viktig rolle i å finne løysingar for å eliminere og kompensere for utsleppa.
Visste du at Kinn kommune har som mål å spare inn 30 prosent av energibruken sin, og bli ein null-utsleppskommune innan 2030? Og har du tenkt over at det å spare inn på eigen energibruk kan gi deg betre inneklima og velvære, i tillegg til at du sparar pengar?
Høyr meir om korleis vi jobbar med måla våre, og få nokre tips sjølv! Ta ein kikk på vår nye podcastepisode om energi og bygg!
Samskaping og klima, korleis fungerer det?
Klimaendringane krev ein omfattande samskaping for å oppnå måla våre. Kvifor ikkje samarbeide med næringslivet, organisasjonar og innbyggarar for å skape grøn innovasjon og omstilling? Korleis kan vi samarbeide for å finne nye løysingar på klimautfordringane? Det kan kanskje skje gjennom å etablere partnarskap som fremjar grøne teknologiar, eller ved å støtte opp om lokale initiativ for miljøvennleg forbruk og levesett. Det er berre gjennom samskaping og samarbeid at vi kan oppnå ei varig endring.
Arealnøytralitet: Kva bygg og areal kan gjenbrukast og kva område kan tilbakeførast til natur?
For å oppnå ein berekraftig utvikling må vi bli arealnøytrale. Korleis kan vi utnytte eksisterande bygg og areal betre? Kanskje gamle bygg kan gjenbrukast eller oppgraderast for å bli meir energieffektive, og vi kan vurdere å tilbakeføre enkelte område til naturen. Det kan også gjerast ved å skape grøne «lunger» midt i byen eller ved å verne områder med høg biodiversitet. Arealnøytralitet handlar om å finne ein balanse mellom utnytting av eksisterande ressursar og å ta vare på naturen. Å ta vare på natur er også ein sentral del i å hindre klimagassutslepp og dempe konsekvensane av klimaendringane, Det er dessutan veldig billig.
Nullutslepp, er det ein risiko der?
Overgangen til eit nullutsleppssamfunn er avgjerande for å bekjempe klimaendringane. Men kva er dei ulike risikoane i denne overgongen? Korleis kan vi handtere utfordringane som kan oppstå? Dette kan innebere å vurdere risikoen knytt til endringar i arbeidsmarknaden, omstilling av næringslivet og forsyningssikkerheit for nye energikjelder. Ved å identifisere og handtere risikofaktorar på ein systematisk måte, kan vi redusere dei negative konsekvensane og sikre ein smidig overgang.
Energieffektivisering
Energieffektivisering er ein viktig del av løysinga for å redusere klimagassutsleppa. Korleis kan vi omstille oss til lågare forbruk og meir effektiv energibruk? Dette kan innebere å investere i energisparende teknologiar, isolere bygg betre og velje energieffektive apparat og transportmidlar. Samtidig må vi vidareutvikle teknologiar for energiproduksjon, som solenergi og vindkraft, for å erstatte fossile brennstoff. Korleis kan du bidra til energieffektivisering i di eiga kvardag? Bu tettare? Meir arealeffektive hus?
Vi står overfor store klimautfordringar, men ved å samarbeide og ta ansvar kan vi oppnå ein berekraftig framtid. Tenk over korleis du kan redusere ditt klimafotavtrykk og ta del i den nødvendige omstillinga mot eit grønare samfunn.
Send oss dine innspel
I denne artikkelen finn du fleire dilemma – vi ønskjer dine tankar om eitt eller fleire av desse. Send oss gjerne dine innspel nedanfor, eller drøft i lag med kollegaer på eit avdelingsmøte eller liknande.
Les om Enovatilskuddet
Hos Enova kan du lese om Enovatilskuddet som gir støtte til privatpersonar med gode energi- og klimatiltak.