Undersøkinga er eit samarbeid mellom folkehelse og oppvekst i kommunen, og Høgskulen på Vestland (HVL). Elevane svarar på undersøkinga på skulen, føresette svarar på mobil. Den som svarar kan ikkje identifiserast på nokon måte, så undersøkinga er fullstendig anonym.
For å nå framandkulturelle familiar/føresette er både informasjonsskriv og spørsmål oversett til engelsk, ukrainsk og arabisk.
Målet med undersøkinga
Målet med undersøkinga er å få kunnskap om korleis skjermbruken og søvnmønsteret blant dei unge er i Kinn. Vi har nasjonale data å støtte oss på, men treng god innsikt om dette hos oss. Kunnskapen vi får skal ligge til grunn for val av tiltak på fleire nivå. Skulane, FAU, føresette, tilsette i oppvekst og helse, samt politikarar vil få informasjon om resultat av undersøkinga. Den vil gje oss svar på kor mykje, og korleis våre barn og unge nyttar skjerm på fritida, og om dette påverkar søvnkvaliteten deira.
Frå tidlegare Ungdata-undersøkingar ser vi at skjermbruken hos oss har auka, som i resten av landet, og at ungdomane sjølve koplar skjermbruk til søvn. Vi veit også frå forsking at auka skjermbruk fører til uhelse og dårleg søvnkvalitet, og at for lite søvn kan gi psykiske plager. Mange barn og unge søv opptil 2 timar for lite kvar natt i forhold til behovet for alderen. Søvnvanar og rutinar i barndommen tek ein ofte med seg inn i vaksenlivet. Difor er det viktig at dette vert sett søkelys på tidleg.
I denne spørjeundersøkinga er også føresette bedt om å svare. Vi som foreldre er forbilde for barna våre, og i denne samanhengen er det viktig at foreldre også reflekterer over eigne vanar og eigen skjermbruk.
Undersøkinga vil gje oss lokale data som gjer det lettare å følgje opp med førebyggande tiltak. Berre det å kartlegge skjermbruken kan gje ein førebyggande effekt, men målet er også å iverksette tiltak.
Informasjon om undersøkinga med lenke til spørjeskjema er sendt ut frå skulane til dei føresette. Fristen for å svare er sett til 16. februar.
Kontaktperson
Emma Bjørnsen, leiar for Folkehelseprogrammet Barn og unge, tlf. 95 81 98 41.