Sjølv om vi lev i ei tid der vi i større grad må ta ansvar for eiga helse, er det klart at det er mange som treng hjelp. Då er det viktig at du veit kva tenester du kan få frå oss.
Samtidig veit vi at det kan vere vanskeleg å finne fram i det offentlege systemet. Mange veit ikkje kva rettar dei har eller kven dei kan kontakte. Difor har vi laga eit aktørkart – som er ei oversikt over dei vanlegaste tenestene kommunen tilbyr i ulike livsfasar.

Klikk her for å sjå aktørkartet
Heilt øvst kan du velje tenester for barn, vaksne eller eldre. Då endrast tenestene i sirkelen. Du kan trykke på kvar einskilde teneste i sirkelen for å sjå meir informasjon.
Mottar du fleire tenester samtidig?
Dersom du har behov for hjelp frå fleire tenester samtidig, kan du ha rett til å få ein koordinator som hjelper deg å samle hjelpa. Dette kan til dømes vere aktuelt for barn med særskilte behov, vaksne med samansette utfordringar eller eldre med fleire helsetilstandar.
Les meir om koordinator og individuell plan her
Tenester gjennom livsløpet
Barn og familiar
Alle barn i Kinn kommune har rett til universelle tilbod som:
- Helsestasjon og helsesjukepleiar
- Fastlege
- Barnehage
- Skule
- Fritidsaktivitetar
Nokre barn treng meir hjelp, og då finst det tenester som:
- Fysioterapeut og ergoterapeut
- PPT (pedagogisk-psykologisk teneste)
- Barnevern
- Familierettleiar
- Logoped
- Psykisk helsehjelp
- NAV og pleie- og omsorgstenester (for særskilde behov)
Vaksne
I vaksen alder kan ein få behov for kommunal støtte i kortare eller lengre periodar. Utfordringane kan vere knytt til:
- Arbeid og utdanning
- Økonomi
- Psykisk eller fysisk helse
- Samliv og familieliv
- Bustad og integrering
Vi har ei rekke tenester som kan hjelpe deg, og som du kan kontakte direkte.
Eldre
I alderdommen blir det vanlegare å trenge hjelp frå fleire kommunale tenester.
Dette kan vere:
- Fastlege og helsetenester
- Heimehjelp og heimesjukepleie
- Omsorgsbustad eller sjukeheim
- Ergoterapi og fysioterapi
- NAV-tenester for pensjon og ytingar
Vi jobbar for betre oversikt og samhandling
Vi tek innspel frå innbyggarar og fagfolk på alvor. Gjennom aktørkartet og betre digital informasjon, ønskjer vi å gjere det enklare for deg å vite kva du har rett på – og kvar du kan få hjelp.
Vår ambisjon er å tilby gode, samordna tenester som gir deg støtte – til rett tid og på rett måte.