Rykande ferske svar på kva du meiner om kommunen vår!

Illustrasjon av fire mennesker som ser på telefonen sin - Klikk for stort bilete

Mellom mars og april spurde vi 1303 personar i kommunen om kva dei meiner om å bu og leve i Kinn. No har vi fått rapporten og resultata frå undersøkinga Sentio har gjennomført. Dette vil også vere til stor hjelp for det arbeidet som går føre seg med den framtidige samfunnsplanen vår.

Om undersøkinga

Undersøkinga har kartlagt eit utval av innbyggarane sine inntrykk av kommunen og tilfredsheit på ulike tenesteområde, tilbod og moglegheiter i kommunen, tryggleik og demokrati. I rapporten du kan lese nedanfor får du oversikt på sentrale faktorar innbyggarane vurderer som viktige for at Kinn skal opplevast som ein god plass å bu og leve.

Undersøkinga er gjennomført blant eit tilfeldig trekt utval som består av 1303 innbyggarar i Kinn kommune, alle i alderen 18 år og eldre. Resultata er vekta på kjønn og alder, slik at utvalet best mogleg skal spegle fordelinga på kjønn og alder i befolkninga.

Respondentane har vurdert ulike område knytt til Kinn kommune på ein skala frå 1 til 5, til dømes frå 1 «Svært misnøgd» til 5 «Svært nøgd». I denne rapporten er svara koda om til standardiserte gjennomsnitt på ein skala frå 0 til 100, der 0 er det dårlegaste resultatet og 100 er det beste resultatet.

Endeleg resultat frå undersøkinga ser du her

Tallrapport frå undersøkinga

Her kan du sjå svara frå innbyggarane på spørsmålet «har du nokre kommentarar til denne undersøkinga?»

Samla vurdering og utgangspunkt for vidare arbeid

I den samla vurderinga får Kinn ein skår på 60. Sentio skriv at dette er eit godt resultat, og er tilsvarande kommunar av same storleik som oss. På nokre område har vi også fått dårlegare skår enn gjennomsnittet. Dei punkta vi har skåra dårleg på kan skuldast ei turbulent tid med usikkerheit rundt kommunen si framtid. Resultata frå undersøkinga ser vi på som eit nullpunkt, og som utgangspunkt for vidare arbeid.

Rekordmange har takka ja til deltaking i eit innbyggarpanel

Over halvparten av respondentane har meldt interesse for å delta i innbyggarpanel! Dette er store tal som ein vanlegvis ikkje ser i denne samanheng.

Eit innbyggarpanel er ein samarbeidsmetode der vanlege innbyggarar blir involvert i kommunal planlegging. Panelet kan bli invitert til å delta i fleire digitale spørreundersøkingar, eller fysiske workshops om lokalsamfunnet eller kommunen sine tenester.

Det er nytt for oss å bruke ein slik metode, men det er viktig for oss å inkludere innbyggarar på nye måtar. Vi håpar innbyggarpanelet bidrar til at innbyggarane får gitt uttrykk for saker som betyr noko for dei, og at kommunen utviklar seg i tråd med innbyggarane sine ønskjer. Dette gler vi oss til!

Samfunnsplanen – planlegging for framtida

Du har kanskje hørt om kommuneplanen sin samfunnsdel – eller samfunnsplanen, som vi også kallar den? Det er ein av våre viktigaste planar, og ein av dei viktigaste planane vi treng dine innspel til. Korleis skal vi utvikle samfunnet vårt, og planlegge for endringar i samansettinga av befolkninga dei neste ti åra? Vi må ha gode lokalsamfunn prega av nye samarbeid og tenkemåtar for korleis kommunen skal levere tenester til deg som bur her. For å finne ut av det må vi spele på lag med deg!

Resultata frå undersøkinga, og dei som vil delta vidare i innbyggarpanelet, vil hjelpe både politikarar og administrasjonen vidare i arbeidet med samfunnsplanen. Vi vil også gi vår takk til alle respondentane som svarte, og spesielt til dei som er villige til å ta del i innbyggarpanelet.

Følg med på heimesida for samfunnsplanen her