Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteKinn kommune

Kvar fredag skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått i Kinn kommune.

Betre tverrfagleg innsats

Kinn kommune har søkt og fått tildelt 1 million kronar gjennom ei tilskotsordning frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Tilskotet er tildelt til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Målet med tilskotet er å utvikle og implementere ein samhandlingsmodell for tverrfagleg samarbeid i kommunen. Kommunane som har fått midlar gjennom tilskotsordninga vert følgd opp av Bufdir og Kompetansesenter for Rus (KoRus) i Bergen.

Onsdag denne veka var det oppstartsmøte i Florø der representantar frå Bufdir og Korus var til stades. Det var også representantar frå dei ulike tenestene i kommunen som arbeider med barn og unge. Arbeidet skal organiserast som eit prosjekt over to år. Kinn kommune har masse gode tiltak retta mot barn og unge, dette prosjektet vil vere ei hjelp til å koordinere og systematisere arbeidet gjennom ein modell for betre tverrfagleg innsats.

Det første som skal skje i prosjektet er at det skal gjennomførast ei spørjeundersøking i alle aktuelle tenester, ei såkalla nullpunktsundersøking der ein får fram status i tenestene i høve arbeid med barn og unge og samhandling på tvers av tenestene. Det vert sendt ut eit informasjonsskriv i forkant av undersøkinga til alle som skal delta, og det vil bli oppfordra på det sterkaste om å delta for å få eit så godt bilete som mogleg av situasjonen i kommunen.

Aksello leverer

Torsdag var det styremøte i Aksello. Der er ordføraren styremedlem, eg observatør. Inkubatoren gjer det bra. Inkubator er det næringsselskapet gjer for å hjelpe grunderar og andre til å gå frå ein ide til å skape ei verksemd. Siva har gjennomført ei evaluering av dette arbeidet. Siva er eit statleg selskap som legg til rette for vekst og utvikling i industri og næringsliv. Dei gir også midlar til dei 34 inkubatorane i Norge.

Siva vurderer det slik at Aksello leverer godt over snittet på fleire av dei områda dei er målt på. Spesielt vert inkubatoren rosa for at dei arbeider godt med dei ideane dei får frå næringslivet og uavhengige grunderar. Dei får pluss for at dei har gode rutinar på å følgje opp bedriftene i heile inkubasjonsløpet. Det tel positivt at mykje av arbeidet byggjer på relevant bransje- og marknadskunnskap. Dette var eit avgrensa utdrag av Siva si vurdering. Det er alltid slik at det også vil vere område vi kan utvikle oss betre på. Det drøfta styret.

Kjernen er likevel at Aksello peikar seg positivt ut på fleire område, samanlikna med dei andre inkubatorane i landet. Det gratulerer vi med, seier takk – og stå på vidare!

Kinn bustadkontor

Det nye bustadkontoret er i full drift, både i Florø og Måløy. Dei har eit godt samarbeid med alle dei andre tenestene i Kinn. Saman med KURS (Kinn utdannings- og ressurssenter) gjennomfører dei blant anna bustadskulen. Her er målgruppa deltakarar i introduksjonsprogrammet i begge byane.

Gjermund Veka som er leiar av kontoret, er tatt med i eit samarbeid med Bjørnafjorden og Askøy. Her er målet å innføre den nye statlege strategien; bustad for velferd. Kontoret arbeider også godt saman med Husbanken om å utvikle tenestene enda betre i Kinn. Dei er også førespurd om dei kan vere med å starte opp eit tilsvarande kontor i nye Sogndal kommune. Det har vi sagt ja til, og dei førsta møta var tidlegare denne veka. Eg er kjend med noko av korrespondansen som har vore mellom Husbanken og kontoret vårt. Der er det ingen tvil; dei rosar arbeidet til Kinn bustadkontor og vil særs gjerne ha dei med til å utvikle slike tenester i andre kommunar. Eg syns det er kjekt at dei dyktige medarbeidarene våre vert lagt merke til. Eg syns det er like kjekt å gjere det kjent for fleire.

Kystrådet

I neste veke er det møte i det nye Kystrådet. Vi har tidlegare skrive om kva rolle eit slikt råd kan ha for utviklinga av kysten vår. I dette møte skal dei blant anna drøfte kystrådet og kva rolle dei skal ha i høve dei andre regionråda. På same vis skal dei vurdere om dei skal invitere andre kommunar inn i rådet. Sekretariatsfunksjon og økonomi er også meldt opp som sak. Dei skal også drøfte eventuelle innspel til nasjonal transportplan som no er ute på høyring.

Neste veke

Møte i leiargruppa og rådmannsgruppa på måndag. Kystrådet tysdag. Møte med alle tenesteleiarane (kommunedag) i Florø på torsdag. Fredag møtes alle rådmennene i Nordfjord på Eid.

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann