Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått i Kinn kommune.

Kinn og Knutholmen

NRK og andre media har dei to siste dagane skrive om kommunen sin pengebruk på Knutholmen. Det er rett at vi har brukt om lag to millionar kroner på til saman 30 samlingar dei tre siste åra. Det er rett at vi er blitt servert havets festbord og at vi har drukke vin for rundt 100 000 kroner. Og det er heilt greitt at det vert stilt spørsmål om slik pengebruk. Det er fellesskapen sine verdiar vi bruker og vi skal ha full openheit om forholdet.

NRK og andre kan sjølvsagt skrive om det og vi har sendt over alt, og meir til, av det dei har spurt etter. Fakta som kjem fram i NRK si dekking av saka er difor rette, men eg tenker noko av det som vert omtala, er meir nyansert. Når NRK skriv at «kommunetoppar brukte to millionar på rorbuparadis», meiner eg det er lite presist. For det første handlar dette om meir enn kommunetoppar. I løpet av dei tre siste åra har fleire hundre tilsette delteke på samlingane. Det er ikkje berre toppleiinga i kommunen som har vore der.

Kalvåg er ein flott plass og Knutholmen legg til rette for oss på ein utmerka måte. Det er likevel ikkje difor vi har vore der. Knutholmen leverte tilbod og vann ein konkurranse om å tilby desse tenestene. Vi brukte plassen før vi gjennomførte konkurranse, men kontrollutvalet i Flora peikte på at dette var direktekjøp som vi burde lyse ut. Det gjorde vi. Så rorbuparadiset vart nytta fordi dei kvalifiserte seg.

Då vi skulle planlegge for Kinn var alle, administrasjonen så vel som dei folkevalde i fellesnemnda, innstilt på at vi måtte ha samlingar for å få den nye organisasjonen på plass. Det har vore samlingar for tilsette i dei ulike sektorane. Det har vore felles kommunestyremøte og det same gjeld formannskapa. Dette skjedde ikkje utan at det låg ein tanke bak.

Gjennom eige budsjettvedtak fekk vi heimel til å nytte ressursane slik. Vi har ikkje nytta meir til føremålet enn det som har vore budsjettert. Samlingane har vore tunge fagleg, men vi har også lært kvarandre å kjenne over ein middag om kvelden. Då fekk deltakarane inntil to glas vin til maten. Ingen har fått meir alkohol enn det. Eg trur det er innanfor gjeldande praksis i mange kommunar. Det er både rett og passande at det vert stilt spørsmål om dette. I neste veke skal det vere møte i kontrollutvalet. I følgje media vil dei be om informasjon i saka. Det er bra. Etter den merksemda denne saka har fått, meiner eg det er rett at kommunen sitt eige kontrollorgan set seg inn i saka.

Coronaviruset

I førre veka hadde fylkesmannen møte med alle kommunane i Vestland. Det gjaldt Coronaviruset.  Vi må vere budde på at det kjem til Norge. Då kan det råke oss også. Vi har nasjonale og lokale  planar for korleis vi skal møte slike situasjonar.  Det viktige no er at alle tenker på eiga hygiene. Tenk over handhygiene og skjerm hosting og nysing – vis omtanke!

Nytt fagsystem i omsorgstenestene

Som del av samanslåinga valde vi nytt fagsystem for omsorg. Denne overgangen har vore ei krevjande øving for mange. Over 500 har gjennomført fleire av dei 15 aktuelle kursa som høyrer til det nye programmet. Om lag 700 tilsette frå Florø skulle bli brukar i Nordfjordnett sin fagportal der brukarnamn og passord måtte distribuerast ut.

Heile sektoren med nær 1200 brukarar har fått tilgangar i det nye systemet.  Medisinlister og tiltaksplanar må leggast inn på nytt. Over 26 000 arbeidsplanoppdrag skal leggast inn i det nye programmet. Dette er berre nokre av dei aktuelle storleikane. Bak desse tala sit det tilsette og arbeider med å få orden på det nye. For ein fantastisk jobb de gjer. Få anar kor mykje arbeid det er. Eg veit de sit dag og natt. Tusen takk for det – vi hadde ikkje kome i mål utan innsatsen din.

Avfallsordninga

Onsdag denne veka var det møte mellom representantar får øyane i Florøbassenget og kommunen/NoMil. Føremålet var å utveksle erfaringar med den nye ordninga. Stort sett fungerer den nye ordninga godt, men det kan vere utfordringar knytt til kapasiteten på lasteruta (båt). Vi er likevel samde om at dette vil løyse seg gjennom dialog og samarbeid. 

På tysdag gjorde plan og samfunnsutvalet vedtak om å leggje gjenbruksstasjon for Florøområdet til Purkehola. Den vil vere klar etter sommarferien. Det vil kome meir informasjon om korleis du kan nytte det tilbodet.

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann