Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått i Kinn kommune.

Folkevaldopplæring

Måndag var dei fleste folkevalde samla i Florø og hadde første økta med folkevaldopplæring. Gudrun Grindaker var rettleiar på vegner av KS. Det vart gjennomgått ei rekke tema som blant anna rolleforståing, tilhøvet mellom politikk og administrasjon, etikk, sosiale medium og kommunen sitt kontrollarbeid.

Eg opplevde motiverte folkevalde som gjennom refleksjonar, merknader og innspel ønskjer å få til ei god ramme rundt det å vere folkevalde i Kinn. I samanheng med sosiale medium kom vi blant anna inn på Nei til Kinn som tema. Eg veit at Firdaposten vil følgje dette opp i eigen artikkel. Politikarane våre melde tilbake at dei ønskjer gjennomgang av fleire tema og det skal vi følgje opp i seinare opplæringsdagar.

Møte med Bufdir

Onsdag følgde eg Åse Iren Korneliussen og Geir Kjell Andersland i møte med Barne,- ungdoms- og familedirektoratet (Bufdir). Vi følgjer opp eit samrøystes vedtak frå kommunestyret om å vere vertskommune for eit nytt livsmestringssenter for barn lokalisert i Florø.

Norsk barnevern er for tida i hardt ver og møter ei rekke utfordringar i tenestene sine. Ei rekke rapportar og tilbakemeldingar tyder på at dei treng nye metodar og opplegg for å lukkast betre. Det er her vi kan møte nokre av desse utfordringane. Eg opplevde eit direktorat som responderte godt på dei planane Korneliussen og Andersland har utvikla. Dei motiverte oss til å arbeide vidare med planane, og vi fekk nokre innspel til korleis vi kan gjere prosjektet enda betre. 17. februar vil ordføraren og eg saman med dei i prosjektet møte den politiske leiinga i Barne- og familiedepartementet for å følgje opp enda meir.

Dersom vi ser på kva departementet skriv i statsbudsjettet om behov for utvikling av nye tenester på dette området, er eg optimist på kva vi kan få til. No er vi i eit forprosjket. Dersom dette går over til eit hovudprosjekt (eit steg nærare realisering), vil vi kople på dei kommunale tenestene. Eit nytt senter i Florø kan sjølvsagt bety nye arbeidsplassar, men det kan også utfordre dei kommunale tenestene. Difor må vi kople dei ulike aktørane i det vidare arbeidet.

Kommuneplanen sin arealdel

No har vi skrive sak om oppstart av kommuneplanen sin arealdel. I saka legg vi plan for å starte arbeidet som vi så langt estimerer til å vare i eitt år. Den skal ut på høyring og kommunestyre skal stadfeste den til slutt. I klart språk betyr dette at vi får ein felles arealdel for den nye kommunen. Behovet for dette veit vi er stort, spesielt i tidlegare Vågsøy. Vi reknar med mange gode innspel. Tema i ein slik plan vil blant anna vere å finne areal til sjø,- nærings- og bustadområde. Vi vil legge vekt på god involvering og medverknad i den vidare prosessen.

Løn og slipp

Onsdag i neste veke er det utbetaling av løn. Det er gjort eit fantastisk arbeid for at så mykje som mogeleg av dei variable tillegga også vert utbetalt. Vi kan likevel ikkje garantere at alt er på plass til denne lønskøyringa. Etter planen skal du også få lønsslippen sendt til mobilen din. Det er sendt ut eiga orientering om korleis du skal gå fram for å aktivere eigen applikasjon for dette. Så då satsar vi på at vi har kome eit steg nærare neste praksis denne gangen. Dersom du likevel oppdager feil i samband med løna, skal du melde frå til næraste overordna.

IT til folkevalde

I neste veke vil alle folkevalde få utlevert enten iPad eller PC. Gruppeleiarane vil få utlevert kvar sin laptop medan dei andre vil få tilbod om iPad. Laptopen vert delt ut fordi gruppeleiarane då på ein grei måte kan arbeide i Framsikt. Nordfjordnett har gjort ein flott jobb med å klargjere alle einingane for dei folkevalde sin bruk. Eg håper det nye utstyret kan vere med på å gjere arbeidsdagen betre for alle folkevalde.

Merkur

Tirsdag hadde Kinn kommune møte med Merkur og dei fem nærbutikkane i Merkurprogrammet: Svanøy, Askrova/Tansøy, Stavang, Rognadsvåg og Batalden. Dei gamle avtalane butikkane hadde med Flora kommune om samarbeid om ulike tenester til innbyggjarane, vert vidareført i Kinn kommune. Varaordførar Sidsel Kongsvik og kommunalsjef for innovasjon og utvikling Kristin Maurstad, vil ha hovudansvar for oppfølging av butikkane. Kinn kommune set stor pris på aktiviteten og engasjementet hos nærbutikkane, og ser fram til vidare samarbeid!

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann