Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteKinn kommune

Kvar fredag skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått i Kinn kommune.

Det byrjar forme seg

Måndag hadde LG (rådmann, kommunalsjefar og stabsleiarane) møte. Der tok vi ein gjennomgang og status på stoda i organisasjonen. Vi er i rute med mykje, på etterskot på enkelte område. På ein del praktiske område har vi mykje å gjere før vi er på plass. Eg ser at dette kan utløyse frustrasjon rundt om i organisasjonen.

I dag vil eg likevel peike på to positive område. Det første gjeld reinhaldstenesta. Der bestemte vi å følgje modellen som hadde vore i Vågsøy. For det første vart det ei eiga teneste, for det andre får dei tilsette meir varierande arbeidsoppgåver. Dei roterer mellom bygg og anlegg dei gjer teneste på. Tilbakemeldingane fortel om tilfredse og motiverte arbeidstakarar i Florø og Måløy. Kan hende den beste stadfestinga ligg i følgjande; 15 av dei tilsette ønskjer no å ta fagbrev. Takk for at de gjer arbeidsplassen til 1 600 kollegaer til ein betre stad å vere.

Det andre eg vil trekke fram er arbeidet med RS (ressursstyringssystemet). Vi har sagt at vi skal kvitte oss med dobbeltarbeid og bli meir effektive. Få av oss skjønar kva som må til for å kome dit. Vi må sørge for at enorme mengder data, knytt til kvar og ein av dei tilsette, vert ruta på ein slik måte at vi har kontroll på bruk av ressursane våre. Det skal igjen føre til at Kinn får ein effektiv personaladministrasjon, sikrar gode arbeidsprosessar og såleis frigjere tid til kommunen sine primæroppgåver. Vi er ikkje i mål, men eg anar kva som kjem. Eg får tilbakemeldingar på at skepsisen som låg i store delar av organisasjonen, er i ferd med å bli erstatta av motivasjon. Det trur eg vi skal takke arbeidsgruppa og medlemene der for. Takk!

Investeringar i Kinn

Kinn skal gjennomføre store investeringar i åra som kjem. Vi må ha god styring og kontroll på dei. Ingen av investeringane har så langt fått klarsignal for igangsetting. Vi må vite korleis vi skal følgje dei opp, politisk så vel som administrativt. Dei folkevalde vurderer om dei skal ha eit eige utval for oppfølging, men uavhengig av det må administrasjonen ha ei klar ansvarsdeling. For meg er det viktig at styring av prosjekta følgjer dei andre styringslinene i organisasjonen.

Vi har ei eiga bygg og anleggsteneste i Kinn. Den ligg i sektoren for samfunn, kultur og miljø. Dei vil få ansvar for å gjennomføre dei fleste av prosjekta, men ikkje før rammene er på plass. I tillegg til sjølve budsjettildelinga skal vi involvere brukarar og interessegrupper, utarbeide kravspesifikasjon og velje leverandør. Eg tenker det er greitt at vi er klar over det samstundes som vi forventar framdrift i kvar enkelt sitt favorittprosjekt.

Nasjonale IT-prosjekt og regional organisering

Tysdagskvelden møttes mange av rådmennene i Vestland fylke. Vi fekk ulike orienteringar. Eg beit meg merke i at det no skjer noko med den nasjonale IT-satsinga for kommunane. Eit av dei viktigaste heiter Akson og handlar om ein felles pasientjournal for innbyggarane. Dersom du som Florøværing har behov for å gå på legevakta på Lillehammer, får ikkje dei opp opplysningane om deg. Heller ikkje om du hamnar på eit sjukehus utanom fylket. Dei er avhengig av å få overført journalen din frå Florø. Det held ikkje i 2020.

KS og staten spelar ei sentral rolle i utviklinga av den nye løysinga. Ei ny løysing vil krevje infrastruktur og driftsmiljø. Kva betyr det av utfordringar og mogelegheiter for etablerte miljø som Nordfjordnett og SYS-IKT. Eg veit ikkje, men Akson er berre ei av fleire nasjonale IT-satsingar som kan påverke korleis vi driftar den digitale verksemda vår. Eg vel å sjå mogelegheitene framfor utfordringane.

Nye fagnettverk

I dag var over 70 kommunale leiarar frå Nordfjord og Sunnfjord samla på Skei. Nytt fylke og kommunesamanslåingar utfordrar oss på korleis vi skal samarbeide. Tidlegare møttes kommunalsjefane i Nordfjord og Sunnfjord i eigne nettverk. Etter kommunereforma er ikkje desse nettverka nødvendigvis dei rette. Vi drøfta behovet for nye nettverk. Like viktig vil det vere å sjå på korleis vi organiserer oss opp mot regionale organisasjonar som til dømes helseføretaka, KS, fylkesmannen, fylkeskommunen med fleire. Dei ulike nettverka var ikkje klare i sine konklusjonar, men det vil bli arbeidd med vidare utover våren.

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann