Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteKinn kommune

Kvar fredag skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått i Kinn kommune. 

Møte med Kontrollutvalet

Måndag hadde ordførar og rådmann møte med det nyvalde kontrollutvalet. Vi drøfta blant anna gjensidige forventingar. Kinn kommune forvaltar milliardar i økonomien og har arbeidsgjevar-ansvaret for 1600 som igjen yter tenester til 17500 innbyggarar. Kontrollutvalet har ei viktig oppgåve å sjå etter at vi gjer dette på ein lovleg og rett måte. Og at vi leverer på dei måla som kommunestyret fastset. Eit godt samarbeid mellom kontrollutvalet og kommunen sin administrasjon er avgjerande for at det arbeidet kan skje på ein god måte for både utvalet, dei folkevalde og administrasjonen. Som rådmann vil eg legge vekt på at vi skal gjere vårt for eit slikt samarbeid.

Koordinerande eining – heilskaplege tenester

Eit av dei sju prinsippa som ligg til grunn for organiseringa av Kinn er heilskaplege tenester. At vi skal arbeide med tiltak og tenester på tvers i organisasjonen. Nokre av dei som set dette i system er Koordinerande eining. Både Flora og Vågsøy hadde den tenesta før. Tysdag hadde vi møte om mandat og retningsliner som skal gjelde for den nye eininga. Eg vil gjennom mandat og retningsliner gi denne tenesta dei fullmakter og verktøy som er naudsynt for at vi skal bli opplevd som ein god ytar av heilskaplege tenester. Eg er kjend med at det i einskilde tilfelle er vanskeleg å skaffe koordinatorar. Vi skal difor halde fram med opplæring og kurs til denne funksjonen. Ser ein desse tiltaka i samanheng med tidleg innsats, kan vi bli ein kommune som ser menneska før vi treng å stille diagnosar. Då har vi lukkast - alle!

Frå kommunestyre og formannskap

Kommunestyret hadde møte onsdag denne veka og det kan vere greitt å ta med seg at her vart oppgradering av vegen på Svanøy stadfesta gjennomført. Dette var eit investeringsprosjekt som av ein eller annan grunn hadde falt ut av investeringsoversynet vi la fram for dei folkevalde. Det beklaga vi, men no kan arbeidet starte.

På same vis er det også nokre andre mindre prosjekt som vi ser kan vere i same bås. Det gjeld eit prosjekt for gate 6 og 7 i Måløy og manglande finansiering av arbeid med Ånnøy kai, vest for Florø. Dette informerte vi formannskapet om som hadde møte dagen etter. I tillegg fastsette kommunestyret vedtekter for dei kommunale føretaka. No har dei rammer for den verksemda dei skal drive. Formannskapet handsama også saka om Skram skole. Dei følgde stort sett tilrådinga frå Oppvekst og kulturutvalet, men opna i større grad før at skulen etablerer seg i modulanlegget på Tennebø frå hausten av. Det ligg ei føring om at flyttinga dit ikkje må kome i konflikt med dei fylkeskommunale planane i området.

Måløy vidaregåande skule skal byggast ut, og så lenge dette ligg i tilstøtande område til modulanlegget, må vi ha ein god dialog med Vestland fylkeskommune om det. Saka om Skram skole skal vidare til kommunestyret. Vedtaket har også nokre føringar når det gjeld arbeidet med skulebruksplan. Den skal vere ferdig frå administrasjonen si side 1. april i år, og handsama i kommunestyret innan 1. juli. Formannskapet tilrådde også at vi går vidare med planane om å bygge om tredje etasje på Florø omsorgssenter slik at vi kan auke talet på heildøgns omsorgsplassar med inntil åtte. Den saka skal også vidare til kommunestyret.

Ny heimeside

Den nye heimesida har vore på plass ei stund. Det vert lagt ut meir og meir informasjon der etter kvart som vedtak, reglement og anna vert klart. Vi har fått positive tilbakemeldingar på sida, så dei som arbeider med den fortener honnør. Vi tar gjerne i mot innspel om du har det. Dersom du ønskjer å sende inn noko, så gjer det til; post@kinn.kommune.no. Vi seier takk!

Stillingsutlysingar

På heimesida vår finn du fleire ledige stillingar. Alle stillingar som vert ledige i Kinn kommune vert lyst ut internt. I heilt spesielle tilfelle godkjenner rådmannen ekstern utlysing. Sjukepleiarar og stillingar som går på arealplanlegging og prosjektleiing er blant desse. Difor vil du snart også finne utlysingar i lokalavisene og andre media.

Neste veke

Måndag er det leiargruppemøte i Måløy. Tysdag og onsdag har rådmennene i Vestland samling i Sogndal. Fredag er det samling med mange kommunalsjefar på Skei. Der skal vi drøfte etablering av faglege nettverk.

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann