Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteKinn kommune

Kvar fredag skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått i Kinn kommune. 

Irene Sivertsen ny arkivleiar

Irene Sivertsen er tilsett som ny arkivleiar i Kinn kommune. Ho kjem frå tilsvarande stilling i Vågsøy. Arkivleiarfunksjonen vil vere viktig i tida som kjem. Kommunestyret har sett av midlar til digitalisering av både eigedoms,- og personalarkivet. Om Kinn skal klare å hauste effektar av samanslåinga generelt, og samkøyring av fellestenestene spesielt, må vi ha tilgang på digitale arkiv. Her vil sjølvsagt arkivleiaren spele ei sentral rolle. Eg gratulerer Irene og ser fram til eit godt samarbeid – og ønskjer lykke til med nye utfordringar.

Forseinka lønsslippar

Vi slit med å få ut lønsslippane som planlagt; digitalt og på mobil. Difor har lønsavdelinga i dag sendt ut ein mail med slippen som vedlegg. Dette er ei naudløysing som vi gjennomfører denne gangen. Vi håper å vere på ei digital løysing så snart som råd.

Sjukefråværet på veg ned

Sjukefråværet i omsorgstenesta i Florø er på veg ned! Sidan juli 2019 har sjukefråværet i heile omsorgstenesta vore under 8%. I november var det berre 4 av 24 avdelingar som hadde fråværsprosent over 10%. Omsorgstenesta har i mange år jobba aktivt med arbeidsmiljø, medarbeidarsamtalar og tett og god kontakt mellom næraste leiar og tilsette i kvardagen. Det syner at med godt arbeid kan ein gjennom tilrettelegging både unngå sjukefråvær og redusere lengda på sjukefråværet.

Musikk og helse, helse og musikk

Helse og velferd i Kinn har no musikkterapeut i 100% stilling som har tilbod i omsorg, miljøtenesta, psykisk helse/rus og lågterskeltilbod til ungdom. I tillegg er ein musikkterapeut tilsett i miljøarbeidarstilling på Miljøhuset. Det gjer til at mange har høve til å nytte seg av musikkterapi som ein del av deira behandlingsforløp eller som eit førebyggjande tiltak.

Som eit nytt fagfelt innan helse har musikkterapi dei siste åra fått ein sentral plass i den stadig veksande gruppa av behandlingsmetodar og som vi kan gjer nytte av i møte med samfunnet sine ulike helseutfordringar. Kinn arbeider systematisk med dokumentasjon i fagjournal,og då kan vi seinare måle effekten av tiltaket. Og ikkje minst; det sikrar eit godt tilbod og ei teneste der vi ser heilskapen i det vi driv med, jamfør dei sju prinsippa våre.

Compilo – opplæringa er i gang

Vi har tidlegare skrive om innføring av Compilo som program for kvalitetssikring av tenestene våre.

No er vi i gang med opplæring av superbrukarar og seinare skal dei fleste på skulebenken. Det kjem det meir informasjon om seinare.

Kontrakt nytt administrasjonsbygg i Florø

Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak om bygging av administrasjonsbygg i Florø, vart det i dag underteikna ei kontrakt. Den første kontrakta gjeld rådgjeving i den første planprosessen og utarbeiding av kravspesifikasjon for eit nytt bygg. Det var iVest Consult i Florø som fekk oppdraget. Vi syns sjølvsagt det er kjekt at eit selskap i eigen kommune vinn ein slik konkurranse og ser fram til eit spennande og godt samarbeid med iVest Consult.

Kommunedag 27. februar i Florø

Den første leiarsamlinga med alle tenesteleiarane i Kinn vert 27. februar i Florø. Der møter tenesteleiarane rådmannsgruppa og stabsleiarane for å gå gjennom ulike tema som er viktig for å samordne den samla aktiviteten vår. Det vert to samlingar til på denne sida av sommaren, ei i april og ei i juni. Vi kjem tilbake med datoar, men aprilmøte vert eit fjernmøte(video) og junimøte vert i Måløy.

Fagssystem i helse og velferd

Skifte av eit fagsystem for Helse og velferd i Kinn har vert utfordrande og ressurskrevjande. Data frå to kommunar med ulike fagprogram og med ulik struktur er blitt samla i eit felles system.

Tenestene og avdelingane var godt budd på overgangen til nytt fagsystem. Det er ikkje meldt om alvorlege hendingar så langt. Behandlerkravmelding for innmelding av refusjonskrav til Helfo og SvarUt som er digital post, står også på planen i år. Vidare må vi få på plass integrasjonar mot andre system og velferdsteknologiske løysingar som t.d. digitale dørlåsar og pasientvarslingssystem.

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann