Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteKinn kommune

Les rådmann Terje Heggheim sitt første fredagsbrev i 2020!

Godt nytt år – vi er i gang!

Godt nytt år til dykk alle. Ja, då er vi endeleg ferdig med prosjektperioden og har kome oss over i ordinær drift, gudskjelov! Sjølv om starten vart noko vindfull og vi umiddelbart fekk utforingar med å kome oss mellom dei to kommunesentra, har det likvel gått greitt. Nokre innkøyringsproblem merkar vi – og det skulle berre mangle.

Ingen av dei er likevel større enn at vi ikkje klarer å løyse dei, eller rett og slett forholde oss til dei. Nordfjordnett melder at dei har hatt langt fleire telefonar og oppdrag enn i ein normal driftssituasjon. Eg tenker det også er naturleg når over 1000 brukarar skal slutte seg til eit gjeldande IT-samarbeid. Nordfjordnett har gripe fatt i det meste og løyser dette på ein god måte. Vi vil likevel trenge meir tid før vi er på plass med det meste.

Løn i januar

Lønsavdelinga har stått på natt og dag i det siste for at du skal få løna di til rett tid. Det meste har godt i orden, men nokre feil vil det heilt sikkert vere. Løna er overført bankkontoen din, men det kan bli måndag før du får sjølve lønsslippen. Dersom du oppdagar feil på løna di skal du ta dette opp med næraste overordna. Dei skal ta problemstillinga opp med lønsavdelinga.

Vi veit at det er manglar knytt til variable tillegg (min vakt, gjeld spesielt Florø), men desse vil få utbetalt tillegga i ei ekstrakøyring anten i dag eller måndag. Det kan og vere problem med å logge seg inn på Visma Web, men dette vil vere på plass innan tre-fire veker. Lønsslipp på mobil er snart på plass og vi vil sende eiga melding når den er klar.

Eg vil takke alle medarbeidarane i lønsavdelinga for den måten de har møtt denne omfattande utfordringa på. Eg trur få kan førestille seg kva som eigentleg skal til for å få 600 og 1000 sine personlege variablar inn i eit nytt system. Det er krevjande. Fleire samanslåingskommunar møter tilsvarande utfordringar. Eg kjenner til ein annan kommune i Vestland der dei tilsette har fått lønsslipp, men inga løn, så langt. Takk til lønsavdelinga for måten de har løyst denne oppgåva på.

Skilting av bygg og anlegg

Skilting av bygg og anlegg er ikkje på plass no. Vi har ikkje prioritert dette framfor det som faktisk må vere på plass for at den nye kommunen skal fungere. Vi har likevel som eit mål at vi innan utgangen av mars skal ha Kinnlogoen på både rådhus, skular, institusjonar og andre bygg. 

Leiarfora i Kinn kommune

I prosjektperioden har vi referert til den administrative styringsgruppa når vi har omtala 
avgjerder som er tatt i administrasjonen. No er vi i normal drift og vil ha to møtearenaer. Rådmannsgruppa (RG) er rådmannen og kommunalsjefane. Dei vil ha faste møte annankvar måndag og veksle mellom Florø og Måløy. Dei måndagane det ikkje er RG vil det bli gjennomført møte i leiargruppa (LG). Det er dei same deltakarane som i rådmannsgruppa utvida med stabsleiarane. Desse møta vil også veksle likt mellom dei to kommunesentra.

Investeringar i Kinn

Kommuenstyret vedtok investerings-programmet i møte før jul. Torsdag og fredag denne veka har rådmannsgruppa gått gjennom programmet og sett på kven som skal ha ansvaret for dei ulike prosjekta. Dette vil også vere tema i leiargruppa i neste veke. Deretter vil vi orientere resten av organisasjonen og dei folkevalde om korleis vi tenker oss å gå vidare med kvart enkelt investeringsprosjekt.

I 2020 skal vi investere for til saman 271 millionar kroner. Året etter er storleiken 349 millionar. I tillegg kjem investeringar knytt til vatn og avløp. Dei kommunale føretaka sine investeringar kjem også i tillegg. Det er mange store og tunge prosjekt som vil bidra til utvikling av Kinn.

Framsikt oppdatert

I dag blir Framsikt oppdatert slik at alle kan gå inn å sjå på den vedtekne økonomiplanen og handlingsprogrammet for neste år. 

Neste veke

I neste veke vert det gjennomført møte i dei politiske utvala. Sakliste, tid og møtestad og meir informasjon finn du på kinn.kommune.no Leiargruppa vil som sagt ha møte torsdag og fredag. Tysdag og onsdag vil nokre av oss delta på Norsk rådmannsforum si samling i Oslo. 

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann