Podcast: Bustad, næring og natur - Forstå kommuneplanen sin arealdel!Lytt til tekstenStopp avspillingKorleis påverkar denne planen deg som innbyggar? Vel, den påverkar kva som kan byggast og kvar det kan byggast i kommunen. Den påverkar også korleis du kan bruke eigedomen din. Til dømes, om du eig ei tomt i eit område regulert for bustader, kan du bygge ein ny heim der. Men om det er eit område regulert for landbruk, vil det vere avgrensingar på kva du kan gjere. I tillegg er det kanskje behov for ein reguleringsplan som går litt meir i detaljar enn arealdelen. Alt dette forklarer vi i denne podcasten. Ein viktig del av prosessen med å utvikle arealdelen er samarbeid og dialog med deg og alle andre i kommunen. Vi skal lytte til innspel og tilbakemeldingar frå deg som bur her, fordi det er du som påverkar og blir påverka av endringane som skjer! Vi held på å lage ein ny arealdel for Kinn, og høyringsperioden er fram til 3. november. All informasjon om høyringa av kommuneplanen sin arealdel finn du her Publisert av Frida Rogne Publisert 14.09.2023 13.03 Sist endra 14.09.2023 13.51