Planoppstart: Tilrettelegging av kvarter- og overnattingsbygg ved Sørstrand

3RW arkitekter varslar på vegner av forslagsstillar Forsvarsbygg, at det er sett i gang planarbeid for detaljregulering for Sørstrand. Planområdet har tilkomst gjennom Sørstrandvegen, og i hovudsak er det gards- og bruksnummer 28/38 som skal leggast til rette for nye byggetiltak.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for eit kvarter-/overnattingsbygg for brukarar frå Luftforsvaret/Redningshelikoptertenesta, som er tett tilknytt helikopterbasen ved lufthamna. Tomta har i dag direkte tilkomst til flyplassen mot sør, som skal brukast vidare. Dei fleste brukarane vil nytte denne vegen til og frå helikopterbasen. Det er føreslått inntil 20 kvartereiningar i bygget fordelt på to etasjar. Eksisterande bygg på tomta blir rive. 

3RW arkitekter skriv i sitt varsel at det er mogleg med ein parallell sakshandsaming av byggesøknad og reguleringsplanforslag. Alle påverka partar blir tilskrive med eige brev, og få moglegheita til å gi innspel til planen.

Har du innspel eller spørsmål til planarbeidet?

Innspel eller spørsmål sendast til 3RW arkitekter per e-post innspill@3rw.no, eller per brevpost til 3RW arkitekter, C. Sundtsgate 53, 5004 Bergen. 

Frist for innspel er 5. juni 2025.

Meir informasjon om planarbeidet

Du kan lese meir om planarbeidet i følgande vedlegg.