Planar om å bygge noko til sommaren? Då er det lurt å vere tidleg ute!Lytt til tekstenStopp avspillingHar du planar om å bygge platting, terrasse eller eit anna byggverk til sommaren? Då lønner det seg å søke no i vinter eller tidleg på våren.Handsaming av byggesøknadar kan ta litt tid avhengig av kva du skal bygge – og spesielt når mange sender inn søknadar på same tid. Entreprenørane får også mange førespurnader på sommartid. Er du tidleg ute unngår du forseinkingar og sikrar at prosjektet ditt kan starte i god tid før sommaren.Kva bør du sjekke?Før du sender inn søknad er det viktig å sjekke reguleringsplanar og andre lovkrav i plan- og bygningslova. Nokre mindre tiltak kan vere unnateke søknadsplikt, men dette er lurt at du sjekkar i forkant.På heimesida vår har vi ei hjelpeside som kan gi deg svare på slike ting. Der får du også moglegheita til å bestille time hos sakshandsamar, eller du kan bruke skjema for å sende inn spørsmål til byggesaksavdelinga.Gå til artikkelen på heimesida vår herSøknadsprosessenSøknaden kan du sende inn via heimesida vår, eller få ein fagperson til å gjere det for deg. Om du treng hjelp kan du kontakte byggesaksavdelinga for rettleiing.Start planlegginga no, så er du klar til sommaren! Publisert 13.02.2025 10.39 Sist endra 13.02.2025 10.39