Er tiltaket mitt søknadspliktig?Lytt til tekstenStopp avspilling Korleis finn eg ut om tiltaket mitt er søknadspliktig? Steg for steg guide 1. Sjekk plangrunnlaget Det første ein bør gjere er å sjekke kva arealplan som gjeld for den aktuelle eigedomen. Dette vil fortelje kva området er avsett til, kva føresegner ein må forholde seg til og om der eventuelt er eit plankrav. Sjå definisjonslista vår her 2. Undersøk dei ulike forholda for eigedomen I kommunen si kartløysing finn ein mange ulike kartlag som syner alt ifrå skredfare til kvar vassleidningane til kommunen går. Der er mange faktorar kommunen sjekkar ut før ein kan godkjenne ein byggesøknad, og det er tiltakshavar sitt ansvar å undersøke dette på førehand, slik at ein får tilpassa tiltaket. Ein kan også be kommunen om å hente ut ei tiltaksanalyse for det aktuelle området, då får ein alle relevante faktorar samla i eitt dokument. Hugs at slike analysar etter ei tid vert utdatert, så sjekk alltid kartløysinga. Kartløysinga vår finn du her 3. Ta Direktoratet for Byggkvalitet sine testar Direktoratet for Byggkvalitet (DIBK) har utarbeidd gode rettleiarar som fortel deg om tiltaket ditt er søknadspliktig eller ikkje. Ein vel den rettleiartesten som gjeld for ditt tiltak, så trykker ein seg gjennom ei rekkje spørsmål. Så snart ein har avklart punkt 1 og 2 ovanfor, vil ein ha god nok kunnskap til å svare på desse spørsmåla. Når ein kjem til slutten, får ein eit resultat som fortel om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje, samt kva forhold som eventuelt gjer at ein må søkje. Ein kan få hjelp til å ta testane på kommunen sine servicetorg i Florø og Måløy. Testane frå Direktoratet for Byggkvalitet finn du her Generell rettleiing via DIBK og SAK10 DIBK sine nettsider gjev enkel og oversiktleg informasjon om søknadsplikt og alle moglege tiltak etter plan- og bygningslova. Her finn ein svar på det aller meste. Ein kan likevel få endå meir detaljert informasjon i byggesaksforskrifta (SAK10). Forskrifta sin andre del gjev god og oversiktleg informasjon om søknadsplikt, innhald i søknaden og kommunen si handsaming av søknaden. Kapittel 2, 3 og 4 gjev klar opplisting av kva tiltak som er søknadspliktig, kva som kan utførast av tiltakshavar sjølv og kva som er unnateke søknadsplikt. Sjå vår oversikt over “Søknadstypar” for meir informasjon om dette. Her finn du Byggesaksforskriften (SAK10) med veiledning Publisert 09.05.2022 15.56 Sist endra 06.03.2023 14.06