Plan- og miljøutvalet fekk presentert Trolleskjæret som alternativ til Måsholmen

Plan- og miljøutvalet fekk førre veke presentert ein ny rapport som vurderer Trolleskjæret som alternativ plassering for framtidig hamn og næringsområde. Rapporten viser både moglegheiter og utfordringar, og utgreiinga skal truleg vidare til kommunestyret over sommaren.

Ser på nytt alternativ til Måsholmen

I mai 2024 utsette kommunestyret behandlinga av detaljreguleringsplanen for containerhamn og næringsområde på Måsholmen og vestover til Håskjera. Årsaka var eit ønskje om å vurdere om det finst betre løysingar. No er ein ny analyse på plass, og den viser at Trolleskjæret kan vere eit alternativ.

Rapporten «Næringsareal og hamneforhold i Gunhildvågen og Florø (PDF, 6 MB)» er utarbeidd av Asplan Viak, og vart presentert for plan- og miljøutvalet saman med ein presentasjon i PowerPoint (PDF) (PDF, 3 MB).

Fordelar og utfordringar i Gunhildvågen

Trolleskjæret ligg nordaust for eksisterande industriområde i Gunhildvågen. Her ser ein føre seg utviding av kai langs Trolleskjærsundet og tilhøyrande næringsareal. Denne plasseringa har visse fordelar framfor Måsholmen, mellom anna mindre konflikt med miljøomsyn og enklare tilkopling til eksisterande infrastruktur.

Samtidig er det ei ulempe; dei maritime forholda. Vind og vêr gjer innseglinga til området krevjande, noko som gir risiko for lang nedetid for hamna. Det er gjort simuleringar med los i navigasjonssimulator, og konklusjonen er at det trengst kompenserande tiltak om ein skal bruke Trolleskjæret som hovudhamn.

Det har også vore dialog om å bruke Botnastranda som reservekai når vêrtilhøva gjer Gunhildvågen utilgjengeleg. Men dette vert sett på som lite aktuelt. Aktørane i området meiner ei delt løysing med reservekai blir for dyr og tungvint.

Søknad godkjend for ny lagerhall – og veg skal flyttast

Ewos har fått dispensasjon til å bygge ny lagerhall for å møte akutte behov. Det er også inngått avtale mellom Kinn kommune og partane i Gunhildvågen – Trolleskjæret Utvikling, Ewos og Global – om å flytte vegen i området. Den reguleringsplanen som vart godkjend i september legg til rette for denne vegløysinga, uavhengig av kva alternativ kommunen til slutt går for.

Kva skjer vidare?

Rapporten frå Asplan Viak bygger på data frå tidlegare planar for Måsholmen, intervju med næringslivet og synfaring i området. Neste steg er politisk handsaming i kommunestyret truleg til hausten.