Pårørandeskulen i Kinn kommune 2024

Fire vaksne kvinner som sitt rundt eit bord og pratar. - Klikk for stort bilete Aldring og helse

Har du familie eller nære venner med demenssjukdom? Vil du delta på pårørandeskulen? Hukommelsesteamet i Kinn kommune (HUK) arrangerer pårørandeskule med oppstart tysdag 06. februar i Florø, og onsdag 07. februar i Måløy.

Om pårørandeskulen

Det vert to like kurskonsept både i Florø og i Måløy. På kvar kurskveld vert det ca 45 min med informasjon frå ulike førelesarar før det blir ein kaffipause. Siste del av kurskvelden blir ein inndelt i mindre samtalegruppe der du får snakke med andre i samme situasjon.

Pårørandeskulane skal vere ein møteplass som gir pårørande støtte til å meistre praktiske og følelsesmessige utfordringar. Skulen er eit samarbeid mellom Hukommelsesteamet i Kinn kommune, Nasjonalforeininga for folkehelsa ved Vågsøy Demensforeining og Krokane Sanitetslag i Florø.

Vi hjelper deg med transport dersom det er vanskeleg. 

Tema

Sjukdomslære
Hjelpemidlar
Tenester i Kinn kommune
Samtaleteknikk
Nettverksbygging
Pårørande si historie og oppleving

Påmelding

Påmelding innan 02.02.2024.

Kontakt demenkoordinator Linda Blålid Lågeide på telefon 46 80 06 02.
(Dersom du ikkje får svar, vil du bli ringt opp att)

Tid og stad i Måløy

Kulatoppen omsorgssenter (i kantina i E-fløyen).
Tid: Klokka 19.00 og varar til om lag klokka 21.30.

Datoar:
07.02.2024
14.02.2024
28.02.2024
06.03.2024
13.03.2024

Tid og stad i Florø

Saniteten sitt hus Soltua (Gaddevåggata 4).
Tid: Klokka 18.00 og varar om lag til klokka 20.30.

Datoar:
06.02.2024
13.02.2024
27.02.2024
05.03.2024
12.03.2024